Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Så mykje et og drikk vi for i desember

Dei totale utgiftene våre til mat og drikke vil kome opp i nesten 23 milliardar kroner i desember. Det vil seie at kvar av oss et og drikk for 4.400 kroner i julemånaden, opplyser Statistisk sentralbyrå.

Vi brukar ganske mykje pengar på mat og drikke i desember. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

I år kjem vi truleg til å bruke til saman 55,6 milliardar kroner i desember, men det er ikkje berre julegåver vi brukar pengar på.

Mat og drikke er også ein viktig del av juletradisjonen, og i desember kjem vi til å bruke i underkant av 4 milliardar kroner meir på mat og drikke enn snittet for resten av året. Det medfører utgifter på nesten 23 milliardar kroner, eller 4.400 kroner per person på dette i jula. Dette omfattar sal i daglegvarebutikkar og spesialforretningar.

Annonse

Til maten kan det hende mange tar seg eit glas eller to. Det er venta at omsetnaden på sal av vin og brennevin vil vere 81 prosent høgare i desember enn gjennomsnittet for dei andre månadene. Det betyr ei omsetning på totalt 2,6 milliardar kroner i den siste månaden i året for butikkar med sal av vin og brennevin, eller 500 kroner per person, opplyser SSB.

Neste artikkel

Harde fronter i debatt mellom Norges største kjede og utfordrer