Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordresultat for Felleskjøpet Rogaland Agder

2014-resultatet er det beste nokon sinne, melder Felleskjøpet Rogaland Agder, som føreslår 50 prosent auke i bonusen til eigarane.

Resultat: Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA), her med hovudkontoret og produksjonslokala i Hillevåg i Stavanger, melder om salsvekst og resultatframgang. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA), som er eigd av bøndene på sørvestlandet, fekk eit positivt driftsresultat på 83 millionar kroner for 2014. Det går fram av ei pressemelding.

Resultatet skal ifølgje FKRA vere historisk godt og administrerande direktør Ola Bekken skriv i ein epost til Nationen at resultatet er det "beste i vår snart 116 årige historie".

Føreslår 50 prosent bonusauke

Driftsinntektene til konsernet vart i fjor på 2617 millionar kroner, opp 40 millionar kroner eller vel 1,5 prosent frå året før. Driftsresultatet på 83 millionar kroner er 3 millionar kroner betre enn året før, medan resultatet før skatt enda på 51 millionar kroner i pluss.

For morselskapet var driftsinntektene på 2449 millionar kroner, opp 30 millionar kroner frå året før. Kjerneverksemda fekk eit resultat før skatt på 69 millionar kroner mot 54 millionar kroner året før, skriv FKRA i pressemeldinga.

Styret føreslår at årsmøtet set av 21 millionar kroner til bonus, ein auke på 50 prosent frå året før. Det vil gje medlemene ei utbetaling på 1,5 prosent av tonnvarekjøpet, heiter det.

Runda 370.000 tonn kraftfôr

Salet av kraftfôr sette ny rekord i fjor på over 370.000 tonn. Salet til svin og fjørfe skal ha auka mest, ifølgje FKRA.

Året før blei kraftfôrsalet omtalt å vere på "nesten 370.000 tonn", noko som den gong var ein auke på rundt 1800 tonn frå 2012.

FKRA skriv at dei har hatt ein samla vekst i produktiviteten innan produksjonen av kraftfôr på ca 70 prosent dei åtte siste åra.

Butikkane til FKRA fekk ein salsvekst i fjor på over 10 prosent og betring av resultatet på 22 prosent. Aktiviteten innan innandørsmekanisering blir meldt å vere fortsatt høg, medan salet av traktor og reiskap skal ha gått noko tilbake. FKRA melder at resultatet for verkstader og deler også er betydeleg forbetra.

Tener på erter og kjæledyrfôr

For dotterselskapet AM-Nutrition AS skal resultata ifølgje FKRA vere positive. Det blir meldt om høge prisar på erterprotein og at selskapet selde 23.000 tonn erterprodukter. Det er same nivå som det blei meldt om i fjor.

Salet av fôr til kjæledyr gjennom selskapet Fish4Dogs auka ifølgje FKRA med rundt 15 prosent og fekk eit resultat før skatt på 1,6 millionar kroner.

Neste artikkel

Har satt Norge på kartet