Regjeringa seier ja til utbygging der Hareide sa nei

Regjeringa gir grønt lys til bustader på langsiktig verna jordbruksjord der KrF-leiar Knut Arild Hareide sa nei til utbygging då han var miljøvernminister.

Utbygging: Regjeringa gir grønt lys til å byggje bustader i dette jordbruksområdet, trass i at jorda ligg innanfor dei langsiktige vernegrensene mot utbygging. Utbygging på det same området er stoppa ei rekke gonger før.

Nedbygging av jord

Stortinget vedtok i desember at nedbygginga av dyrka jord skal ned i 4000 dekar jord innan 2020, mot før eit mål på 6000 dekar.

I fjor blei det omdisponert 6341 dekar dyrka jord til andre formål enn jordbruk. Det er 631 dekar meir enn i 2014 og 721 dekar meir enn i 2013.

Samla omdisponering av dyrka og dyrkbar jord var på 12.628 dekar i fjor, det høgaste nivået sidan 2009.

Regjeringa ber om at fleire jordvernsaker skal løysast lokalt. Etter regjeringsskiftet har regjeringa fått inn færre saker om motsegn (innsigelser) mot kommunale utbyggingsplanar på jordbruksjord, og departementet har vedtatt å stoppe ein mindre andel av utbyggingane.

Før regjeringsskiftet i 2013 blei 57% av motsegnene som blei klaga inn til departementet tatt til følgje, mot 33% frå 2013 til midten av juni i år.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) gav sist veke klarsignal til å byggje bustader på eit jordbruksareal som det har vore strid om i Sola kommune i ei årrekke. Dermed blir vedtaket til Fylkesmannen i Rogaland om å stoppe utbygginga ikkje tatt til følgje.

– Hareide bør gripe inn

For våre abonnenter

Kjære leser. Denne artikkelen er forbeholdt våre abonnenter.

<br>

Gratis digitalabonnement

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før

Gratis komplettabonnement

- Tilgang til alle artikler på nationen.no
- Papiravisen som e-avis kl. 21.00 kvelden før
- Papiravisen levert hjem fredag og lørdag

Neste artikkel

Rovviltnemnder ut mot Elvestuen