Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Q-Meieriene med i tysk dokumentar

Q-Meieriene blir med i ein tysk dokumentar om matsvinn. Grunnen er den nye datomerkinga dei har valt å ha på kartongane sine, der dei skriv «best før, men ikke dårleg etter».

Q-Meieriene blir med i ein tysk dokumentar om matsvinn. Illustrasjonsfoto: Q-meieriene

Det er det tyske produksjonsselskapet Spiegel TV som lagar dokumentaren.

Filmen blir ein episode ein serie produsert for den tyske tv-kanalen ZDF. Episoden skal også ha med innslag frå andre europeiske land.

– Det er ein episode om ulike idear. Vi har besøkt ein restaurant i Berlin der dei ikkje har avfall i det heile. Vi har også vore hos dansken som grunnla appen «Too Good to Go» som bidreg til å redusera matsvinn. Alle kan gjera noko om dei har ein god idé, seier Nanje Teuscher, som leiar filmteamet, til Jærbladet.

Annonse

Les også: Stadig flere velger Q-melk framfor Tine-melk

Neste artikkel

Islandsk bondeoptimisme