Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pengemangel truar framtida til lyngshesten

Nord-Norsk Hestesenter, som skal sikre at den nordnorske hesterasen nordlandshest, lyngshest, ikkje døyr ut, forfell.

Lyngshesten er kritisk utryddingstrua, og senteret som skal sikra at rasen ikkje døyr ut, manglar pengar til drifta. Foto: Wikimedia Commons

– Får vi ikkje løfter om meir pengar for å gjere dei oppgåvene staten har sett oss til, så er vidare drift utover dette året veldig usikker. Då må vi også gi opp kampen for den utryddingstrua nordlandshesten/lyngshesten, seier dagleg leiar Kjell Nyberg til NRK.

Nord-Norsk Hestesenter på Moen i Målselv er eitt av tre nasjonale hestesenter i Noreg. Blant dei viktigaste oppgåvene er å sikre framtida til hesterasen.

Bygningsmassen til senteret er i ferd med å bli øydelagt av mugg og lekkasjar, og viss det ikkje vert gjort noko vil bygningane forfalle. Men det er ikkje pengar til vedlikehald.

Nord-Norsk Hestesenter vart oppretta i 1989 etter at Kløvkompaniet på Skjold vart lagt ned i 1984. For å kompensere for den tapte kompetansen og det utdanningstilbodet som Kløvkompaniet hadde representert, vart det vedtatt å etablere eit nasjonalt hestesenter i Målselv.

Saman med dei to andre nasjonale hestesentra, Norsk Hestesenter på Starum i Oppland og Fjordhest-senteret på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane skulle det sikre framtida til dei norske hesterasane. Norsk Hestesenter har ansvaret for dølahesten og Fjordhest-senteret for fjordingen.

Annonse

I dei siste åra er rolla til Nord-Norsk Hestesenter blitt endå viktigare etter at det blei slått fast at nordlandshesten/lyngshesten er kritisk utryddingstrua.

– Men senteret blei aldri ferdig utbygd, seier styreleiar Viggo Fossum.

Bygningane slik dei står i dag vart ferdige i 1996. Meininga var at det skulle kome eit byggjetrinn 2, med budsjettmidlar frå Landbruksdepartementet. Men dei pengane er aldri komne

Neste artikkel

Hele Nord-Troms mobiliserer for norsk hesterase