Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nytt reiselivsselskap satsar på historiske vandreruter

Eit nytt reiselivsselskap skal no tilby utlendingar guida pakketurar langs dei historiske vandrerutene i Valdres og Jotunheimen.

På den historiske vandreruta i Jotunheimen får turistane utfordra høgdeskrekken på Besseggen. FOTO: Hallvard Østrem / NPK

– Interessa i utlandet for den nye historiske vandreruta i Jotunheimen er overveldande. Vi har allereie booka inn fleire pakketurar i Jotunheimen neste sommar med mellom andre tyske turoperatørar, seier avdelingsleiar Magnus Kvame i Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap (JVB) til Nationen.

Buss-selskapet har no skipa dotterselskapet JVB Travel, som skal tilby turistar ferdige opplegg med opptil elleve dagar lange turar i Jotunheimen og Valdres. Marknadsføringa rettar dei mot turoperatørar i mellom anna Storbritannia, Tyskland og Nederland, fleire land i Mellom-Europa og dessutan i Spania og Italia.

Kjemperespons på prøveturar

I sommar har europeiske og amerikanske turoperatørar prøvegått turen i Jotunheimen, og responsen har vore overveldande positiv.

Annonse

– Dei utanlandske operatørane er kjempefornøgde med både produkt, område, turopplegg, guide, overnattingsstader, servering og vertskap langs ruta, seier Kvame.

Det er Riksantikvaren og Den Norske Turistforening (DNT) som dei tre siste åra i samarbeid har etablert historiske vandreruter fleire stader i landet, og i sommar er det altså opna nye ruter i Jotunheimen og Valdres. Så langt finst det no ni slike vandreruter rundt om i landet. Seinare i haust kjem det til no nye, i Reisadalen i Troms og Aurlandsdalen i Sogn.

Auka trafikk på DNT-hyttene

I Turistforeininga har dei allereie merka auka trafikk ved turisthyttene som ligg langs vandrerutene.

– Vi merkar veksande interesse for tilbodet. Når utanlandske reiseoperatørar i tillegg satsar på felles vandreturar frå sju til elleve dagar i det same fjellområdet, blir opplegget òg meir miljøvennleg, seier Marius Haugaløkken på DNT-hytta Gjendesheim i Jotunheimen til Nationen.

Den historiske vandreruta i Jotunheimen tar fem–seks dagar og går frå Gjendesheim over Besseggen til Memurubu, Gjendebu og Torfinnsbu til Fondsbu og Eidsbugarden.

Neste artikkel

Folk bli bedt om å holde seg inne i ekstremværet Knud