Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny rapport: Reiselysta til nordmenn er ein trussel for Noregs klimamål

Gjennomsnittsnordmannen reiser 2 millionar kilometer gjennom livet, viser ein ny rapport frå FIVH. Utviklinga står i sterk kontrast til klimamåla.

Gjennomsnittsnordmannen reiser 2 millionar kilometer gjennom livet. Det er eit problem for klimaet. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

2 millionar kilometer svarar til 4.000 turar fram og tilbake mellom Oslo og Trondheim. 52 prosent av reiseverksemda skjer med bil, 37 prosent med fly.

– Det er openbert at det trengst ein pakke av verkemiddel for å oppnå dei klimakutta som trengst i transportsektoren, seier Anja Bakken Riis, leiar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender (FIVH), til Dagsavisen.

Ifølgje organisasjonen vil ikkje Noreg klare å innfri sine internasjonale forpliktingar og redusere klimagassutsleppa med 40 prosent dei neste tolv åra, ved å halde fram med den politiske kursen som er i dag.

Annonse

– Når det gjeld flytrafikken, ser vi at det skjer ei positiv teknologiutvikling blant anna på elfly. Men Avinor planlegg å meir enn doble utanlandstrafikken innan 2040, utan å ha på plass løysingar som lar veksten skje på ein berekraftig måte, seier Riis.

Ho strekar under at nordmenn allereie per dags dato flyr ti gonger så mykje som ein gjennomsnittleg europear.

Neste artikkel

Full priskrig på smågodt