Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk stølsturisme i Berlin

Eige eige nettverk for stølsturisme er på trappene her i landet og skal i tida 15.– 24. januar marknadsføra norsk stølsliv under den grøne veka i Berlin.

Margunn Sundfjord, NPK
Publisert: 14.01.16 16:05 | Oppdatert: 17.01.16 18:23

– Grüne Woche er den første store aktiviteten for det nye nettverket, seier dagleg leiar i Hanen Bernt Bucher-Johannessen til Nynorsk pressekontor.

Det er Hanen og Norsk seterkultur som står bak planane om det nye stølsnettverket og promoteringa i den tyske hovudstaden. Hanen er næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg.

Åtte utvalde stølar

– Hovudmålet med samarbeidet er å skapa eit nettverk blant norske stølar og marknadsføra norsk stølsturisme. Vi ønskjer med dette samarbeidet å auka den internasjonale interessa for stølar som ein viktig del av spennande opplevingar i Noreg, seier Johannessen.

Les òg: Geitost fra Vinje til Berlin og Grüne Woche

Han meiner stølsturisme byr på mange unike møte med det norske.

Til saman åtte utvalde stølar frå Sogn og Fjordane, Hedmark, Oppland og Vestfold er med i samarbeidet.

– Dette er stølar som har sagt seg villige til å gjera ein ekstra innsats og leggja spesielt til rette for turistar, seier han.

– Ny vår for stølsdrifta

Skjerdal stølsysteri og Café i Aurland er ein av dei åtte utvalde stølane. Anne Karin Hatling, som driv bruket saman med familien, helsar det nye stølsnettverket velkommen.

– Det er bra med ein ny vår for stølsdrifta. Å blåsa nytt liv i stølsdrifta kan modernisera måten å tenkja landbruk på, seier ho og peikar på at det finst mange flotte og spennande stølsbedrifter rundt om i Noreg.

Les òg: Kommentar: Norske bønder har allierte i EU

Sjølv har Skjerdal stølsysteri og Cafe eit godt samarbeid med Fjordsafari i Flåm. Etter guida turar på fjorden følgjer guidane turistane opp til stølen der dei får smaka på stølsmat og heimelaga ost i mange variantar. (©NPK)



Annonse