Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ni norske organisasjonar sender vassklage til ESA

Ni organisasjonar knytt til natur, miljø og landbruk klagar Noreg inn til ESA for ikkje å ta med problema rundt oppdrettsnæringa i forskrifter og planar for vassmiljøet.

NPK
Publisert: 25.11.15 13:06 | Oppdatert: 26.11.15 13:53

Styresmaktene er i gang med å lage slike planar som ei oppfølging av EUs vassdirektiv. Der burde dei uheldige konsekvensane av oppdrettsnæringa vore med, meiner organisasjonane.

– Det kjem ingen konkrete forslag til tiltak mot lakserømming, luseproblem eller utsleppsproblem, og det reagerer vi på, seier Øyvind Fjeldseth i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) til NRK.

Forbundet vil, saman med åtte andre organisasjonar – Naturvernforbundet, Norges Bondelag, Norsk Friluftsliv, Norske Lakseelver, Den Norske Turistforening, Samarbeidsrådet for biologisk mangfald, WWF Norge og Greenpeace Norge – sende ein klage til EFTAs overvakingsorgan ESA.

Les også: ESA klaga Noreg for brot på vassdirektiv i 2013

Artikkelen fortsetter under annonsen

Organisasjonane er uroa for at situasjonen i norske fjordar og elver blir forverra om ikkje styresmaktene set inn tiltak for å avgrense skadane av oppdrettsnæringa.

– Vi meiner styresmaktene ikkje kan gjere unntak for desse problema når dei lagar sine planar for vassmiljøet, seier Siri Parmann i NJFF.

Styresmaktene på si side meiner faktagrunnlaget er for svakt til å ta dette inn i forskriftene for vassmiljøet.

For ein månad sidan skreiv Dagsavisen at Noreg var klaga inn for moglege brot på det same direktivet i samband med planane om deponi for gruveavfall i Førdefjorden. (©NPK)



Du må ha en Disqus-, Facebook-, Twitter- eller Google-konto for å debattere. Vis omtanke og hensyn. Debatten redigeres i ettertid. HER er oversikten over debattreglene.
comments powered by Disqus
Annonse
Annonse
Annonse