Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Myte at cruisefolk ikkje legg igjen pengar

Det er ein myte at cruisepassasjerane ikkje bruker så mykje pengar når dei går i land, viser tal frå Innovasjon Noreg.

Hallvard Østrem, NPK
Publisert: 10.01.17 11:56

I gjennomsnitt bruker kvar passasjer frå cruiseskipa 860 kroner per dag mens dei er i land, ifølgje tal frå Innovasjon Noregs cruiserapport frå 2015. Det er 425 kroner mindre enn andre turistar, men med dei over 3 millionar dagsbesøka næringa ventar i 2017, blir den samla pengebruken på 2,6 milliardar kroner.

I tillegg betaler reiarlaga ulike avgifter til Kystverk og hamner, i 2013 til saman rundt 286 millionar kroner.

Reiselivskonsulent Per Erik Winther peikar dessutan på at mange cruisegjester kjem tilbake til Noreg seinare som vanlege turistar. I 2011 stod tidlegare cruisepassasjerar for 530.000 gjestedøgn i Noreg, ifølgje ei rundspørjing som den gongen vart gjort blant turistar på land.

– Basert på eit varsamt estimat brukte desse 450 millionar kroner i 2011. Så det er ein myte at cruiseturistane ikkje genererer store verdiar for norsk reiseliv, seier Winther til Dagens Næringsliv.

Marknadsføringsorganisasjonen Cruise Norway reknar med rundt 1.900 cruiseskipsanløp og til saman 3.076.000 dagsbesøk i 2017. Anløpa har vore fleire før, men ettersom skipa er større, slår venteleg passasjertala alle rekordar.

(©NPK)



Annonse