Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meir makrell skal på matbordet

Vi nordmenn et berre om lag 10.000 tonn av dei totalt 350.000 tonna med makrell som vi fiskar opp kvart år.

Mindre enn tre prosent av norskfanga makrell vert eten i Noreg. Foto: Kari Hamre / NPK

Det vil verksemda Pelagia endre på.

Pelagia har fått 400.000 kroner i innovasjonsmidlar for å setje den sunne makrellen på norske menyar, skriv Fiskeribladet.

Selskapet skal bruke designkompetansen til Knowit Experience Bergen for å utvikle konkrete idear til korleis makrellen kan foredlast og omarbeidast i Norge, for å bli meir attraktiv i den norske marknaden.

Annonse

Pengane til prosjektet har Pelagia fått frå Designdrevet Innovasjonsprogram (DIP).

DIP-programmet er finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet og er styrt av DOGA i samarbeid med Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg.

Neste artikkel

Nordmenn klikker jula inn på nett