Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fra skyttergrav til dialog

Jæren er et av landets viktigste landbruksområder og samtidig en region med ekstrem rask folkevekst. Det har skapt voldsomme konflikter.

Jæren er et usedvanlig flatt landskap som jærbonden har snudd og vendt på i årtusener. Nå er området under press. Foto: Tom Schandy.

Den dominerande kommunikasjonsforma i samtida er diskusjon/debatt. I diskusjonen handlar det om å vinna over den andre med ord. Det er eit null-sum-spel, ein konkurranse med ord. Når eg vinn, taper «motpart».

Den viktigaste kapitalen for dei politiske partia har blitt usemje. Den politikaren som er best på å produsera usemje i ei sak, er også den som får størst merksemd både i media og i ålmenta.

«Menigmann» følger opp i den nye digitale møteplassen, kommentarfelta i nettavisene. Semje er ut, usemje er in. Det handlar om å «ropa» høgast råd, og gjerne krydra ropet med nedsetjande, personlege karakteristikkar av den ein ropar til. Terskelen for kva dei ulike nettmedium tolererer, verkar å bli stadig lågare.

Arealkonfliktane i jærlandskapet

Denne tilsynelatande positive verdsetjinga og vektinga av usemje og det som skil oss, utviklar seg over tid til rådande kommunikasjonskultur på stadig fleire felt. I vårt (Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling ) arbeid med berekraftige arealløysingar i jærlandskapet, har me sett korleis den polariserte debatten som kommunikasjonsform både er med og skaper og reproduserer interessekonfliktar.

Det tek knappast ein time å køyra over Jæren. Denne relativt sett vesle landflekken er både landets viktigaste landbruksareal, ekstremt ettertrakta utbyggingsland i ein region med rask folkevekst, eit landskap 500 000 menneske nyttar til fritidsføremål kvart år, og store natur- og kulturverneverdiar. (Kva er eigentleg Jæren?)

Konfliktane – i dette møtet mellom eit tradisjonelt ruralt produksjonslandskap og eit framveksande urbant opplevingslandskap – er mange. Nokre av dei er også sterke (den tragiske, og mykje omtalte, saka med laushunden som vart skoten på Hellestø er berre eitt av mange døme), med kommunikasjon som ber stadig meir preg av skyttargravsretorikk.

Frå diskusjon til dialog: Jærsmiå

Etter kvart som folketalet veks, vert situasjonen berre vanskelegare. Me kjenner oss alle som eigarar av det landskap me bur og/eller brukar, og me krev rett til også å bli møtt/behandla slik. Landskap (i motsetnad til areal) er eit fellesgode. Det kan ikkje eigast av enkeltinteresser. Det må delast. Då treng me andre måtar å kommunisera på. Det er behov for tilnærmingar som tek utgangspunkt i at mange ulike interesser deler det same rommet.

Det siste året er det arbeidd aktivt med dette på Jæren. Utgangspunktet var at «partane» såg at no-situasjon ikkje var berekraftig. Det å liggja i ei skyttargrav er særs lite produktivt. Det einaste som skjer frå denne posisjonen er gjenskaping av etablerte holdningar. I den grad ein i det heile produserer noko, er dette stereotypiske bilde og misforståingar om den andre. Ein kjem rett og slett i ein destruktiv forsvarsposisjon, og brukar opp dei ressursane ein eigentleg skulle nytta på å finna dei nye, gode løysingane.

Det å samla dei ulike «partane» til ein pilotdialog starta som ein vill ide. Ein periode reiste eg rundt og dreiv aktiv lobbyverksemd blant mange ulike landskapsaktørar. Der eg hadde venta kritikk og skepsis, møtte eg i staden jubel og full tilslutning. «Ja, eg/me blir med. Dette treng regionen!» var den eintydige tilbakemeldinga både frå bonde, forvaltar, utbyggar og politikar. Alle eg snakka med uttrykte både ønskje og behov for betre kontakt med dei andre interessentane i landskapet Jæren.

Dialogforumet Jærsmiå har no eksistert i eit knapt år. Her møtest profilerte representantar for bønder, utbyggarar, anna næringsliv, politikk og forvalting (kommunalt og regionalt), forsking, samt frilufts- og verneinteresser. Målet er å samskapa dei nye løysingane. Dialog er det motsette av debatt. I dialogen søkjer me bevisst etter dei verdiar me deler. Dialogen søkjer løysingar på tvers av meir eller mindre etablerte grenser mellom sektorar og interessegrupper.

Saman om nye løysingar

Annonse

Satsinga var eit reint eksperiment. Dialog som utviklingsverktøy har knappast vore nytta på dette nivået før. Men det er oppnådd betydelege resultat. Eit av desse er ei flunkande ny prinsipperklæring , der alle aktørane har gått saman om utvikling av eit sett av felles spelereglar for korleis betre prosessar, berekraftig arealutvikling – og eit meir varig jordvern – i regionen kan sikrast. Den nye dialogportalen.no er eit anna utslag av satsinga. Denne portalen blir ein felles arena for offentlege og private landskapsutviklarar og –interessentar, samt ein viktig plattform for utvikling og formidling av dialog som regionalt utviklingsverktøy. Fokus blir på Jæren, men innhaldet blir relevant for alle som arbeider for berekraftig arealutvikling.

Det viktigaste resultatet er nok likevel at ingen av dei tidlegare «kamphanane» ønskjer seg tilbake til slik det var før dialogarbeidet starta. Ein har sett det produktive i å søkja felles grunn, og at aktiv samskaping kan gje løysingar som mange aktørar har eigarskap til og kjenner ansvar for.

Landbruket treng meir dialog

Gode dialogar med omverda blir avgjerande for jærlandbruket framover. Bøndene blir færre. Dei andre landskapsbrukarane stadig fleire. Dialog er verdiskaping. Når ulike verdisyn møtest og smeltar saman oppstår det noko nytt. Denne verdiskapinga kan gje nye rom for landbruket i regionen. Skal matproduksjon og jordvern sikrast i ein stadig tøffare kamp om areala, er det avgjerande viktig å koma opp av skyttargraver og utvikla felles målsetjingar og verdiar med medbrukarar av landskapet.

Landbruket produserer det rom som all annan landskapsaktivitet føregår i. Det opne jærlandskapet, som er så attraktivt både som stad å bu og som rom for fritidsaktivitetar, er produsert av generasjonar av hardt arbeidande bønder. Gjennom dialogen med dei andre brukargruppene, kan denne verdien både uttrykkjast klarare og utviklast vidare.

Behov for «demokratifornying»

Som prosjektleiar og fagleg ansvarleg for dialogarbeidet i jærregionen arbeider eg i desse dagar med ein «manual» for korleis denne typen mobiliseringsarbeid kan gjennomførast. Boka Dialogbasert utvikling. Manual for lokalt mobiliseringsarbeid og demokratifornying. Kjem på Jæren forlag i haust. I denne skriv eg om behovet for «demokratifornying». Berekraftig arealutvikling både i jærregionen og andre stader er avhengig av at fleire enn i dag deltek i utviklingsprosessar, at fleire aktørar kjenner eigarskap til og ansvar for løysingane. Å leggja til rette for dialog, er å leggja til rette for eit meir deltakande demokrati.

Me har plenty nok arenaer for å uttrykkja usemje. Me treng derimot langt fleire der me søkjer etter og uttrykkjer dei verdiar me har felles.

Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

Landbruksbloggen er et samarbeid mellom Norsk Landbrukssamvirke og Nationen. Les flere blogginnlegg.

Neste artikkel

Han blei kåra til landbrukets mektigaste - nå har han fått ny jobb