Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lakseeksporten til Kina kan bikke ein milliard

I januar var eksporten av norsk laks til Kina den høgste på mange år, like mykje verd som halve lakseeksporten til landet i fjor.

Eksporten av norsk laks til Kina er den største på mange år. Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix / NPK

– Det er artig å sjå at me er på veg tilbake etter mange krevjande år i Kina, seier Sigmund Bjørgo i Noregs sjømatråd, som er norsk fiskeriutsending i Kina, til Dagens Næringsliv.

Etter at den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010, innførte Kina strenge restriksjonar på import av norsk laks. Då fall marknadsdelen til den norske laksen frå 90 til éin prosent.

Les også: 56.000 laks rømte frå Marine Harvest-anlegg i Nærøy

I mai i fjor skreiv Noreg og Kina under på ei avtale som skal normalisere handelssambandet, og i november blei fleire restriksjonar på fiskeimport fjerna. I desember halverte Kina tollsatsane på fleire fiskeartar

Annonse

Det blei i januar i år selt norsk laks for 111 millionar kroner til Kina. Dette er ein auke på 500 prosent frå året før.

– Eksporten av norsk laks til Kina kan bikke ein milliard kroner i år viss det held fram slik, seier Bjørgo til avisa. Han meiner det er innanfor rekkjevidd, men at det også kjem an på korleis marknadstilgangen utviklar seg.

Neste artikkel

Klart for auksjon om nye lakseløyve