Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lahnstein blir ny sjef i Skogeierforbundet

Lahnstein går frå toppolitikken til å bli skogtopp.

Blir sjef: Erik Lahnstein blir ny direktør i Norges Skogeierforbund: - Norske skogeigarar forvaltar ein verdifull og fornybar ressurs som samfunnet treng, seier han. Foto: Mari Gisvold

Tidlegare statssekretær for Senterpartiet Erik Lahnstein er tilsett som ny administrerande direktør i Norges Skogeierforbund. Lahnstein tek over etter Gudbrand Kvaal, som har vore administrerande direktør dei siste åtte åra.

Lahnstein var statssekretær i åtte år i den raudgrøne regjeringa, og var innom Samferdsledepartementet, Utanriksdepartementet og Statsministerens kontor.

– Eg gler meg stort til å byrje. Norske skogeigarar forvaltar ein verdifull og fornybar ressurs som samfunnet treng, seier Lahnstein.

Skal bli kjend med næringa

Han seier han ikkje kjenner skognæringa veldig godt, og kjem difor til å bruke mykje tid i byrjinga på å gjera seg kjend med organisasjonen og næringa.

– Eg hadde nærkontakt med næringa som politikar i Samferdsledepartementet, der eg møtte krav frå næringa for utbetring av vegnettet og tilrettelegging for transport over på jernbane. Eg har også mange vener som har skog som tilleggsnæring, seier Lahnstein.

Det er ikkje fyrste gongen Lahnstein arbeider for ein næringsorganisasjon. Han har tidlegare vore rådgjevar og utgreiingsleiar i Norges Rederiforbund, og har også vore utplassert i EU-kommisjonen.

I ei pressemelding frå Skogeierforbundet seier styreleiar Olav A. Veum seg svært nøgd med tilsetjinga av Lahnstein.

– Han skal leie innsatsen vår for skogeigarane sine interesser og utvikling av ei sterkare og meir lønsam skognæringa. Erfaringa hans frå næringspolitisk arbeid og den maritime næringsklynga vil koma godt til rette, seier Veum.

– Kva blir det fyrste du tek fatt på, Lahnstein?

– Eg skal lære meg meir om skognæringa, bli kjend med medlemene eg representerer og dei mange aktørane som Skogeierforbundet samarbeider med. Dernest skal eg bidra til å formulere Skogeierforbundet sin politikk, ikkje minst i kontakt med styresmakter og andre aktørar, og vera tydeleg på kva som må vera på plass for å omsetje politiske ambisjonar til arbeidsplassar og verdiskaping.

– Regjeringa fylgjer opp og forsterkar signala som har vorte gitt tidlegare som ei næring politikarane har stor tru på. Høgre og Frp skriv i regjeringserklæringa si at dei skal bidra til å auke avvirkninga i skogen. Jobben vår blir å bidra til at verdiane som skogeigarane har kan utnyttast og omsetjast til verdiskaping til glede for heile samfunnet.

"Det ikkje mogleg å sjå for seg at me kan oppnå det politiske målet om eit lågutsleppssamfunn utan å utnytte skogen som ressurs."

Erik Lahnstein påtroppande administrerande direktør i Skogeierforbundet
Annonse

– Kor viktig er skognæringa for landet?

– I eit kvart samfunn må ein ha ein produksjonsaktivitet som gir grunnlag for å produsere og eksportere varer og tenester me treng. Ser me på eit lokalsamfunn, vil innbyggjarane ha behov for skular, butikkar og velferdstenester. Grunnlaget for at ein kan oppretthalde aktivitet og verksemd i lokalsamfunna over heile landet er at me har ein primærproduksjon.

– Den norske skogsektoren står overfor store endringar, mellom anna etter at fleire hjørnesteinsbedrifter er lagt ned. Har du gjort deg nokre tankar alt om kva som må skje?

– Ein betydeleg etterspurnad etter produkt som skogeigarane kan tilby har gjort at ein har klart å kompensere for bortfall av etterspurnad i heimemarknaden. Likevel er me i ein meir sårbar posisjon ved å ha ein svak heimemarknad. Industriaktørar i heimemarknaden sikrar ein jamnare etterspurnad og avkastning på tømmeret som blir henta ut frå skogane. Difor er det viktig å utvikle den norske heimemarknaden, og ikkje minst industrien som brukar tømmer og trevirke.

Eit klimaspørsmål

Lahnstein seier det er vanskeleg å sjå for seg vegen til lågkarbonsamfunnet utan at skogen spelar ei viktig rolle.

– Med den kunnskapen me har i dag er det ikkje mogleg å sjå for seg at me kan oppnå det politiske målet om eit lågutsleppssamfunn utan å utnytte skogen som ressurs. Om grunneigarane kan få tillit til at det vil vera ein marknad på sikt, og at rammevilkåra blir lagt til rette for aktiv skogskjøtsel, bil nyplanting og skjøtsel av skog i større grad kunne bidra til å binde opp meir co2. Då må me lukkast med å skapa tillit i næringa til at skogen kan drivast lønsamt. I tillegg til at skog bind mykje co2 kan karbonet bli brukt i produkt som over ytterlegare tid vil bidra til karbonlagring, som ved bygging av bruker og hus i tre. Skog kan også erstatte fossile karbonkjelder.

Karanteneutvalet i regjeringa har pålagt Lahnstein karantene til 15. april, og han byrjar i stillinga etter det.

– Det blir godt å koma i jobb att, ungane er også tydelegvis leie av å ha ein heimegåande pappa. Du er heime heile tida, du, seier dei.

Norges Skogeierforunbd er eit sams koordinerande organ for skogeigarlaga og deira interesser. Forbundet representerer 36.000 skogeigarar og nær 70 prosent av skogressursane i Noreg.

Neste artikkel

Verden trenger mer skog