Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lagar sauechips for å få brukt lagera av lammekjøt

Ein tidlegare sauebonde og gründer har saman med slakteriet Fatland i Rogaland byrja å lage sauechips. Dei håpar dette skal bli ei av løysingane for å få bukt med overskotslagera av lammekjøt.

Sauchipsen til Ragnar Vikingstad som han har produsert i samarbeid med Fatland slakteri. Foto: SMALSAK AS «cheeps»

– Ideen kom til meg for mange år sidan. Eg var sauebonde i 30 år og opplevde fleire gonger at lagera av sauekjøt var fulle. Under ei reise i Sverige fekk eg smake på noko ein svensk bonde kalla for fårechips, det var eigentleg det vi ville definere som ei tørka spekepølse. Det sette ein ide i hovudet på meg at det måtte gå an å få til ein slags sauechips, seier Ragnar Vikingstad, som er mannen bak den nye chipstypen, til Nynorsk pressekontor.

Byrja på kjøkenet

Vikingstad, som kjem frå Karmøy i Rogaland, byrja først å tørke kjøt på forskjellige måtar heime på kjøkenet sitt. Etter mykje prøving og feiling kom han fram til det endelege produktet «Vikingcheeps»som no blir lansert.

– Eg vil ikkje avsløre for mykje av hemmelegheita bak, men det inneber ei form for tørking, fortel Vikingstad.

• Les også: «Betydeleg mengde» norsk sauekjøtt eksportert til Afghanistan

Han forstod etter kvart at kjøkenet blei for lite som produksjonslokale og kontakta difor slakterikonsernet Fatland.

– For å utvide produksjonen var eg avhengig av maskiner. Fatland hadde dei maskinene eg trengde og dei var interesserte i eit samarbeid, seier gründer Vikingstad.

Har internasjonale ambisjonar

Chipsen skal i første omgang seljast på utvalde butikkar i Haugesunds-området, men målet er etter kvart å ekspandere både nasjonalt og internasjonalt. Allereie no har Vikingstad fått førespurnad frå ein leverandør i Hellas som ønskjer å selje produktet.

Annonse

– Chipsen er òg på mange måtar eit historisk produkt. Tørking er ein gammal måte å konservere på og det var slik ein tok med seg kjøt ut i verda på skipsreiser i gamle dagar. Derfor vil eg seie at vi spesielt har ambisjonar om å få lansert produktet internasjonalt, for å spele på dei historiske røtene til produktet.

• Les også: Går mot nytt kjempeoverskudd av lammekjøtt

Etter at Fatland tok over produksjonen av chipsen har Vikingstad fungert som konsulent i arbeidet.

– Eg og andre innleigde konsulentar har passa på at produktet har fått den kvaliteten og smaken vi er på jakt etter. Ein må hugse at dette er ein milliardindustri, og ein må gjere alt rett for å sikre ein plass i marknaden, avsluttar Vikingstad.

Det har vore store mengder lammekjøt på lager her i landet. Ved årsskiftet låg over 3000 tonn saue- og lammekjøt på reguleringslagera til Nortura. I vinter, vår og sommar blei ein stor del av kjøtet selt.

Neste artikkel

Guro Hem Vevstad manglet 150 rundballer for å ha nok fôr