Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lagar internasjonal standard i kampen mot matjuks

Internasjonalt samarbeid skal gjere det lettare å få bukt med global matkriminalitet. No skal det komme ein europeisk standard for omgrep relatert til matjuks, for å sørgje for presis kommunikasjon om temaet.

Det er kjent at det går føre seg juks med ei rekke matvarer, eksempelvis olivenolje, men dette kan vere vanskeleg å avdekkje. Ein ny internasjonal standard skal gjere det lettare å komme problemet til livs. Foto: Colourbox

– Matkriminalitet er eit verdsomspennande problem. Mange land har dei siste åra brukt mykje ressursar for å kjempe imot dette, og då må vi kunne snakke godt saman over landegrensene. Fleire liknande ord og omgrep er i bruk. Vi må sikre at vi bruker same ord for same sak, seier seniorforskar i Nofima Petter Olsen i ei pressemelding.

• Les meir: Kommentar: Matsvindel har vorte milliardforretning

Han skal koordinere arbeidet med å lage ein felles europeisk standard for ord og omgrep for matjuks og godkjenning av matvarer, altså det å sjekke om det som blir påstått om maten, er sant.

– Korleis definerer ein til dømes omgrepet «matjuks», og kva med underomgrepa «feilmerking» og «forfalsking»? Matkriminalitet har blitt eit omfattande temaområde, og vi treng ein diskusjon for å definere ord og uttrykk.

Matjuks kan vere så mangt. Det kan vere å påstå at ei matvare er noko anna enn den faktisk er. Det kan også vere feil informasjon om opphavsstad, eller å utelate informasjon som skulle ha vore oppgitt om ingrediensar i produktet.

Annonse

• Les og: Hvor kommer vinen egentlig fra?

Representantar frå tolv europeiske land møttest i Italia i mai for å starte arbeidet. Eit utkast til standard blir sendt på høyring mot slutten av året, og den endelege versjonen skal bli vedteken i februar 2018.

Den nye standarden som skal no blir utarbeidd, har fått namnet «Authenticity in feed and food chain – General terms and concepts». Nofima leier arbeidet, og Standard Norge er sekretariat.

Neste artikkel

Taktfast mot pelsdyroppdrett