Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kina kjem på inspeksjon til norske lakseslakteri

I mars kjem inspektørar frå kinesiske matmyndigheiter for å inspisere lakseslakteri og lære meir om norsk oppdrett.

Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix / NPK

Kinesiske inspektørar skal besøkje lakseslakteri i Troms, Nordland og Trøndelag.

– Vi håper inspeksjonen resulterer i oppheving av utestenginga av heil sløgd laks med gjeller frå Troms, Nordland og Trøndelag, seier Malin Florvåg, seksjonssjef i Mattilsynet.

I 2015 stoppa kinesiske matmyndigheiter importen av slik laks frå dei tre fylka etter at dei fann ILA-virus på laksen derifrå.

Annonse

Utestenginga kan først opphevast etter inspeksjonar i Noreg.I tillegg til inspeksjonar skal dei kinesiske inspektørane få innsikt i norsk oppdrett og korleis Mattilsynet fører tilsyn med næringa.

– Kina er også stor på fiskeoppdrett, men oppdrettet deira er veldig forskjellig frå vårt. Besøket gir oss moglegheit til å vise korleis vi løyser det, seier Florvåg.

Inspeksjonane vil gå føre seg i perioden 7. til 15. mars. ©NPK

Neste artikkel

Lusebekjempelse en stor påkjenning  for laksen