Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jegerar fortvilar over villreinjakt med helikopter

Under villreinjakta i Nordfjella blir det mellom anna brukt helikopter for å jakte ned villreinstammen. Tidlegare har dyrevernarar reagert på framgangsmåten og no fortvilar òg lokale jegerar.

Statens naturoppsyn og Mattilsynet holdt i fjor pressetreff på Breistølen i Lærdal kommune angående statlig felling av villrein i Nordfjella. Reinen skal felles på grunn av skrantesjuke. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix/ NPK

– Det gjer vondt i meg når eg ser korleis vi behandlar desse dyra, det er ikkje noko kjekt å sjå. Det er veldig stressande for dyr å bli jaga av helikopter. Dette handlar om dyrevelferd, eller mangel på dyrevelferd, seier Sigmund Tveitehagen, som er jeger frå Ål i Hallingdal, til NRK.

Jegerane reiser for det meste inn til reinsdyrflokkane med snøskuter og helikopter, for så å bevege seg heilt inn til dei til fots. Ifølgje NRK skjer det likevel stadig oftare at jegerane skyt dyra frå helikopteret.

– Det har vore tre tilfelle dei siste dagane. Vi tek ut små flokkar med dyr, og då tek vi livet av alle dyra. Det er klart det er ei stressande oppleving å bli jaga av helikopter, og difor passar vi på at vi tek ut alle dyra, seier Petter Braaten i Statens naturoppsyn til statskanalen.

Annonse

Les også: EU-tiltak mot skrantesyke kan ramme norsk reindrift

Neste artikkel

Sjømatjubel over frihandelsavtale