Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hanen tek Norsk økoturisme under vengene sine

Frå nyttår tek næringsorganisasjonen Hanen over ansvaret for merkeordninga Norsk økoturisme. Målet er å få merkt fleire.

NPK
Publisert: 16.12.14 20:27 | Oppdatert: 16.12.14 21:04

Sidan oppstarten i 2008 er det Innovasjon Noreg som har hatt ansvaret for å sertifisera verksemder som ynskjer å profilera seg som destinasjonar for økoturisme.

– No ser me at dette prosjektet har kome så langt at det er naturleg at bransjen sjølv tek over, og her er Hanen ein viktig aktør. Dette vil føra til ei fagleg samling som òg opnar for større verdiskaping, seier reiselivsdirektør Per-Arne Tuftin i Innovasjon Noreg.

Les også: Rekordmange jenter satser på utmarka som reiseliv

Tysdag møtte han leiinga i Hanen for å signera overtakingspapira og levera frå seg «arkivet», ein minnepinne med dokumentasjon frå dei seks første åra Norsk økoturisme har eksistert.

Kultur, natur og berekraft

Så langt har 27 norske verksemder fått merket Norsk økoturisme. Merket kan tildelast turistverksemder som mellom anna tilbyr turistopplevingar med utgangspunkt i natur og kultur, som jobbar for å driva mest mogleg berekraftig, vernar om lokal kultur og tradisjon og tilbyr turistane vertskap av høg kvalitet.

Tuftin fortel at mange internasjonale reiselivsaktørar er opptekne av nettopp desse verdiane når dei ser etter samarbeidspartnarar.

– 75 prosent av europeiske turistar ynskjer seg naturopplevingar. Somme vil ha svært aktive feriar, «adventure-reiser» andre litt rolegare opplevingar. Og så er det ein del turistar, særleg frå asiatiske land, som vil oppleva ingenting. Dei er rett og slett ikkje vande med å berre vera i naturen. Det er særleg dei siste to gruppene Norsk økoturisme-merket kan trekkja til seg, seier han.

Les også: Under halvparten av økomaten blir selt som økomat

På grunn av det høge prisnivået i Noreg meiner han det er viktig at turistverksemdene lever opp til dei forventningane gjestane deira har, og han påpeikar at det er ein føremon å kunna visa til at ein er sertifisert som Norsk økoturisme-verksemd.

Vil auka medvitet

Hanen håpar å rekruttera mange av dei 450 medlemsverksemdene sine, som driv med nettopp bygdeturisme, gardsmat og innanlandsfiske, inn i merkeordninga. I alt meiner dei det finst kring 3.000 turistverksemder i Noreg som med litt arbeid kan passa inn i profilen til Norsk økoturisme.

Les også: Sprer etablererlyst i Vesterålen

– Me er stolte over å overta, og gler oss til å ta fatt på arbeidet. Dette er eit tydeleg ynske frå medlemmene våre. Eg er oppteken av at me skal ta ansvar, og Norsk økoturisme passar godt saman med resten av arbeidet vårt med kvalitet, seier dagleg leiar Bernt Bucher-Johannessen i Hanen.

Hanen får ikkje pengar for å overta drifta av merkeordninga, men Bucher-Johannessen synest ikkje det er noko problem.

– Det trur eg me kan løysa ved å driva smartare. No må me skapa merksemd om Norsk økoturisme-merket hjå medlemmene våre, og jobba med å gjera folk meir medvitne på denne merkevara.

Forventar effektivitet

Også styrerepresentant Pål Knutsson Medhus i Norsk økoturismeforeining, organisasjonen for verksemder som har fått Norsk økoturisme-merket, synest det er positivt at Hanen no tek over ansvaret for ordninga.

– Dette bør gjera arbeidet med merket meir effektivt. Hjå Hanen er dei ekspertar på rekruttering, og dei har ikkje like mange ting å jobba med som Innovasjon Noreg har, seier han.

Medhus påpeikar at mange av medlemsverksemdene i Hanen eigentleg allereie driv med økoturisme.

– Dei kan raskt skaffa seg merket, som er det ypparste kvalitetsstempelet i norsk reiseliv. Eg håpar Hanen greier å dobla talet på merkte verksemder på eit par år. Med dette går norsk økoturisme-merket går over frå utviklingsfasen til drift, seier han. (©NPK)



Annonse