Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gondolbane får 300.000 kroner til marknadsføring

Sist helg opna dronning Sonja den nye gondolbana i Loen. No opnar Nærings- og fiskeridepartementet lommeboka.

Selskapet Hoven Loen har fått 300.000 kroner til å marknadsføre den nye gondolbana i Loen. Foto: Lars Korvald/Loen Skylift

Nærings- og fiskeridepartementet har løyvd 300.000 kroner til marknadsføring av den nye gondolbana i Loen, melder NRK. Det er selskapet Hoven Loen AS som har fått ja på søknaden om pengar til å investere i digitale verktøy for å selje og marknadsføre den luftige gondolturen.

Loen Skylift vart opna av dronning Sonja sist helg, og ordførar Sven Flo i Stryn trur bana vil føre til ein solid vekst for både reiselivet og næringslivet på heile Vestlandet.

• Les også: Frå fjord til fjell på sju minutt

Annonse

Det lokale næringslivet har investert nærare 300 millionar i gondolbana som fraktar folk 1011 meter over havet. Bygda Loen i Stryn ligg midt i gullruta for reiselivet på Vestlandet. Frå bana ser ein Lodalen, Oldedalen med Briksdalsbreen, fjellet Skåla og Jostedalsbreen. Håpet til eigarane er å ta imot 50.000 reisande det fyrste driftsåret.

Neste artikkel

Taktfast mot pelsdyroppdrett