Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Framleis Lerum-syltetøy i heimfylket

Sjølv om Rema 1000 kuttar ut Lerum-syltetøy nasjonalt, vil det framleis vere mogleg å kjøpe det Sogndals-produserte syltetøyet i butikkane i Sogn og Fjordane.

Som eit ledd i å satse på fleire lokale produkt, vil Lerum framleis seljast i Sogn og Fjordane, seier Rema no. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix

I går kom nyhende om at Lerum hadde mista kontrakt for syltetøy i alle Rema-butikkar. Også i Sogn og Fjordane, men der blir det no endring.

Rema 1000-kjøpmannen i Sogndal, Jan Knut Einarsen, forsikrar overfor NRK at dei framleis vil kjøpe inn syltetøy direkte frå Lerum, og dermed omgå distribusjonen til Rema.

– Rema 1000 i Sogndal og Årdal vil framleis ha alle Lerum-produkta i butikkane. Syltetøyet vil dei kjøpe direkte frå Lerum, slik dei har gjort sidan 1991. Dei andre produkta – juice og saft, får dei via distribusjonssystemet til Rema 1000, seier Einarsen til NRK.

Annonse

No ser det ut til at Lerum-syltetøyet vil dukke opp også i andre Rema-butikkar i fylket. Lars Kristian Lindeberg er administrerande direktør for kategori og innkjøp i Rema 1000 og seier at dei framleis vil ha mange Lerum-produkt, også syltetøy, i butikkane i Sogn og Fjordane. Dette fordi ein del av den nye strategien til Rema går ut på å auke lokale og regionale merke.

– Vi vil ha 13 variantar av Lerum-syltetøy der. I tillegg vil vi ha saft og leskedrikk frå Lerum i alle Rema 1000-butikkane i heile Noreg, seier Lindeberg til NRK.

Neste artikkel

Kim Tore jobbet for Gordon Ramsay – nå skal han sette Steinkjer på matkartet