Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forskar er uroa over giftige poteter i butikkane

Poteter som ligg utsett til for lys og varme i butikkane kan bli grøne og utvikle giftstoffet solanin som kan påverke nervesystemet. Forskar meiner butikktilsette har mangelfull kunnskap om desse potetene.

Grøne poteter kan innehalde giftstoff som kan skade nervesystemet. Illustrasjonsfoto: Andrea Øien Sæverud / NPK

– Mitt inntrykk er at dei som jobbar i frukt- og grøntdisken sjeldan har naudsynt kunnskap om det dei driv med. Det er rett og slett mange som ikkje veit at grøne poteter ikkje skal etast, seier forskingsleiar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Eldrid Lein Molteberg, til NRK.

Om ei potet har utvikla grønfarge må ein kaste heile poteta. Det er ikkje grønfargen som er farleg, men stoffet solanin som blir utvikla saman med fargen. Stoffet kan vere farleg i store mengder og kan gi vondt i magen i mindre mengder. Det skal likevel mykje til for å bli alvorleg sjuk av stoffet.

Annonse

Neste artikkel

Vaag: – Vi har knallhard konkurranse i kjøttnæringen