Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Foreslår trafikklyssystem for villreinområde

Ei ekspertgruppe har kome med forslag til korleis ein kan måle kvaliteten på miljøet til villreinen. Ei vurdering av bestandsforhold, beiteforhold og tilgang på areal skal gi grønt, gult eller raudt lys for kvart villreinområde.

Villrein kan bli den andre arten som får ei kvalitetsnorm. Til no er det berre villaksen som har ei slik norm. Foto: Kjell Nyøygard

– Vi har no fått eit godt og svært grundig grunnlag for å foreslå ei forskrift om kvalitetsnorm for villreinen. Villrein vil bli den andre arten som får ei slik kvalitetsnorm, som er eit viktig verkemiddel i naturmangfaldlova, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Til no er det berre villaksen som har fått ei slik kvalitetsnorm.

Miljødirektoratet har fått eit forslag til kvalitetsnorm for villrein frå ei gruppe direktoratet har sett ned. Ekspertgruppa har vore sett saman av 13 personar med eit bredt kompetanseområde, styrt av Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Ekspertane tilrår at det kvart femte år skal vurderast om kvart villreinområde har god (grøn), middels (gul) eller dårleg (raud) kvalitet. I denne tredelte skalaen vil god og middels vere godkjent, medan dårleg ikkje vil vere godkjent.

Les også: Skrantesyke sprer seg i USA

Annonse

I samsvar med naturmangfaldlova skal relevante forvaltningsmyndigheiter identifisere tiltak dersom tilstanden ikkje er godkjent. Kor realistisk det er å få gjennomført tiltak vil kunne variere mellom ulike typar av påverknad og økonomiske og samfunnsmessige konsekvensar.

Miljødirektoratet har no fått i oppdrag frå Klima- og miljødepartementet å gi sine vurderingar og tilråding til forslaget og sidan lage ei forskrift.

Målet er ha ei brei høyring om forskrifta i sommar, og at forskrifta skal kunne fastsetjast i haust.

Neste artikkel

Vestfoldgartnar heidra med pris i Berlin