Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forbrukarrådet og Konkurransetilsynet omsider einige om daglegvare-app

Appen Peiling skal gi att snittet på daglegvareprisane førre veke. Det har Forbrukarrådet og Konkurransetilsynet blitt einige om.

Direktør i Forbrukarrådet Randi Flesland. Arkivfoto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Diskusjonen har dreidd seg om appen Peiling kjem til å hemme konkurransen mellom daglegvarekjedene dersom Forbrukarrådet tilbyr ei prissamanlikningsteneste. Kompromisset er blitt at prisane på daglegvarene skal bli publisert som eit gjennomsnitt av den førre veka i staden for sanntidsprisar.

– Det vi tidlegare har hevda er at butikkane godt kjenner til prisane til konkurrentane, og at det berre er forbrukaren som ikkje har den informasjonen, seier direktør Randi Flesland i Forbrukarrådet til NTB. Ho trur likevel tenesta blir nyttig slik den no er forma.

– Eg trur dette blir veldig bra. Det vil heilt klart hjelpe forbrukaren å sjå prisnivået på like merkevarer i forskjellige butikkar, seier Flesland.

• Les også: Matportal kan øke dagligvareprisene

I oktober 2016 greip regjeringa inn etter råd frå Konkurransetilsynet og stoppa Forbrukarrådet frå å publisere sanntidsprisar på daglegvarer i appen.

Annonse

– Eg skjønar at det kan vere vanskeleg å forstå, men det er av omsyn til forbrukarane. Vi trur prisane blir likare og at kjedene samarbeider meir dersom alle prisane kjem med i ein slik portal, sa næringsminister Monica Mæland (H) til NRK i november.

• Les også: Frykter for mangfoldet med ny matportal

Delar av appen ligg allereie ute med informasjon til forbrukarane om blant anna næringsinnhald, allergen og kva butikkar som har kva varer. 16. august blir prissamanlikningstenesta lansert.

Informasjonen om prisane som blir lagt ut på appen til Forbrukarrådet, blir henta frå kassasystema i daglegvareforretningane.

Neste artikkel

Rekordproduksjon fra Yara – men likevel svakere resultat