Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Folk får ikkje tak i lammekjøt

Grunnen til at lammekjøtforbruket går ned er at utvalet er avgrensa i butikkane, meiner organisasjonen Norsk sau og geit.

Tidlegare denne veka vart det hevda at forbruket av lammekjøt går ned fordi vi ikkje lenger veit korleis vi skal lage det til. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Tidlegare denne veka vart det hevda at forbruket av lammekjøt går ned fordi vi ikkje lenger veit korleis vi skal lage det til.

– Lammet vi hadde i frysaren på 80-talet var kjøt med bein, og då hadde vi kunnskap om å tilverke det, utdjupar seniorrådgivar Even Nordahl i Matprat.no til NRK.

– Lite lammekjøt i butikken

Styreleiar i Norsk sau og geit (NSG) Kjell Erik Berntsen meiner grunnen heller er at lammekjøt ikkje er tilstrekkeleg tilgjengeleg i butikk.

– Nordahl har sikkert rett i at vi ikkje lenger er så flinke til å tilverke lammekjøt. Men det er neppe hovudgrunnen til at forbruket har gått så dramatisk ned, meiner Berntsen i ei pressemelding.

Han trur den viktigaste grunnen er at tilgangen ikkje er god nok i butikk. NSG har i heile haust og også etter nyttår fått telefonar og e-postar frå frustrerte forbrukarar – og sauebønder – som seier at det ikkje er lammekjøt å få tak i. Sjølv ikkje i den mest hektiske slaktesesongen på hausten, ifølgje Berntsen.

Annonse

– I tillegg har kjøtindustrien framleis litt å gå på når det gjeld produktutvikling. For daglegvarehandelen er det viktig at kjøtbedriftene kan tilby porsjonspakningar av lam som både er raske og enkle å lage til. På den måten kan lam i større grad også bli kvardagsmat for travle familiar, seier han.

Inviterer til samarbeid

Berntsen ønskjer ikkje å peike ut ein «synder», men vil no ta kontakt med daglegvarekjedene og kjøtindustrien for å sjå kva som kan gjerast.

– Det er eit eller anna grunnleggjande som sviktar i logistikken når eit rikeleg lager av det beste lammekjøtet i verda ikkje når fram til butikkane og forbrukarane. Sånn kan vi ikkje ha det. Vi vil derfor no invitere kjedeleiing og kjøtindustri til ein dialog om kva vi i fellesskap kan gjere for å løyse problemet, seier NSG-sjefen.

Neste artikkel

Sjømatjubel over frihandelsavtale