Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fire utbrot av E. coli

Folkehelseinstituttet har funne same variant av E. coli-bakterien hos fire personar.

Foto: Colourbox

Dei fire er busette på forskjellige stadar i landet, og inga felles smittekjelde er så langt avdekt, opplyser Matportalen.no.

Folkehelseinstituttet samarbeider med kommunehelsetenesta, Mattilsynet og Veterinærinstituttet for å kartleggje om pasientane kan ha ei felles smittekjelde.

I midten av august blei Folkehelseinstituttet varsla om eit barn med E. coli-infeksjon som utvikla Hemolytisk Uremisk Syndrom (HUS). Barnet var busett i Møre og Romsdal. I tillegg har Folkehelseinstituttet påvist same bakteriestamme hjå tre vaksne med diaresymptom busette i Hedmark, Buskerud og Hordaland.

Annonse

Folkehelseinstituttet koordinerer arbeidet med å finne ei mogleg smittekjelde. Ingen av undersøkingane rundt desse opphopingane har så langt avdekt ei felles smittekjelde.

E. coli er tarmbakteriar som normalt finst i store mengder hos menneske og dyr. Desse tarmbakteriane er vanlegvis ufarlege, men enkelte grupper av bakterien kan forårsake alvorleg sjukdom. Hemolytisk Uremisk Syndrom (HUS) er ein alvorleg nyresjukdom som kan oppstå som følgje av desse bakteriane.

Neste artikkel

Derfor mener mijøvernerne du bør styre unna disse