Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Finanseliten luktar på danske gardsbruk

Mens stadig færre bønder i Danmark har råd til å kjøpe jord og utvide verksemda, har no både danske og internasjonale investorar byrja å interessere seg for gardsbruka i landet.

NTB
Publisert: 30.12.16 14:52 | Oppdatert: 30.12.16 15:09

Landbrukseigedommane i Danmark har gått mykje ned i pris den siste tida og har dermed vorte meir attraktive investeringsobjekt, skriv den danske nettavisa Finans.dk.

• Regjeringen får ikke fullmakt til å selge forsøksgården Staur gård. Forslaget ble stoppet etter støtte fra både Venstre og KrF

– Vi har det siste året opplevd auka interesse frå investorar utanfor jordbruket. Eg er overtydd om at vi i 2017 kjem til å sjå ein stor auke i talet på danske gardar som blir selde til eksterne investorar frå Danmark og andre land, seier Michael Haahr Andersen i Jyske Bank til avisa.

Ifølgje det sveitsiske meklarhuset Blue Harvest har investorar frå heile verda vist interesse for danske gardsbruk den siste tida, men særleg stor har interessa vore frå finansfolk i Kina, Tyskland, Irland og Storbritannia. (NPK)



Annonse