Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Færre høgg tømmer for sal, men hogsten aukar

Samanlikna med for 20 år sidan har årleg hogst vore 30 prosent større dei siste åra. Samstundes er talet på eigedomar med tømmer for sal nesten halvert.

Tømmerhogsten aukar, men færre sel tømmeret, syner tal frå SSB. Illustrasjonsfoto: Siri Juell Rasmussen

Det er dei små eigedomane som står for mykje av auken i hogsten. På dei minste skogeigedomane har den årlege gjennomsnittshogsten meir enn tredobla seg frå 1996. Samstundes er talet på små skogeigedomar som har levert tømmer for sal, halvert i same periode, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).

Tala syner òg at hogstkvantumet, målt i prosent, har auka mest i vestlandsfylka. Andre fylke som har hatt stor prosentvis auke i tjueårsperioden, er Østfold, Vestfold og Nordland.

Annonse

I vestlandsfylka og i Nordland er oppgangen eit resultat av skogreising som tok til i 1950-åra. Plantefelta frå 1960-talet er i mellomtida blitt tømmer som no tek til å bli hogstklart, skriv SSB.

Neste artikkel

– Du bør bidra til verdiskaping der du bor og har skog