Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Europearar vil ha kloa i norsk krabbe

Etterspurnaden er stigande i Europa. Krabbeverksemda Hitramat i Trøndelag ønskjer derfor å få fiskarar i Oslofjorden med på laget for å dekke behovet.

Europa likar norsk krabbe. Foto: Kari Hamre / NPK

– Franskmenn, spanjolar og portugisere et stadig meir krabbekjøtt, særleg krabbeklør. Får vi tilgang til meir råstoff kan vi auke eksporten. Berre til Frankrike eksporterer vi fleire hundre tonn krabbeklør i året, fortel utviklingssjef i Hitramat, Kolbjørn Ulvan, til NRK.

Hitramat er den største krabbebedrifta i landet. I dag kjøper dei krabbe frå fiskarar på strekninga sør for Sognefjorden til Vesterålen.

– Det er jamt og godt fiske på heile strekninga, men det strekker likevel ikkje til. Derfor ønskjer vi å teste krabbefiske i Oslofjorden, seier Ulvan.

Les også: EU truer Norge med rettssak om snøkrabbe

Annonse

Men det har aldri vore drive kommersielt fiske av krabbe i noko omfang i Oslofjorden, trass i at fjorden er full av krabber.

Nokre titals kystfiskarar på begge sider av Oslofjorden skal no førebu prøvefiske etter krabbe. Det skal skje i samarbeid med Hitramat. Skagerrakfisk, salsorganisasjonen til fiskarane på Skagerrak-kysten, er også involvert i prosjektet.

Dersom forsøksfisket blir vellykka skal det byggjast opp fleire mottaksstasjonar i Oslofjordområdet. Krabbene skal fraktast levande til Hitra til foredling.

Les også: Sjømat Norge: Videreforedling av laks kan gi 10.000 nye arbeidsplasser

Neste artikkel

«Heilfeit» og «brun» ble for sterk kost for Facebook