Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Det har aldri vore nokon tradisjon for å bake akkurat sju sortar

Tradisjonen med å bake julekaker er slett ikkje så gammal. Og sannsynlegvis har talet aldri vore nøyaktig sju.

Jula 1958: Tre brør lager peparkakemenn til jul. Elles var det ofte kvinnene – mødrer og døtrer – som var mest på kjøkkenet på 1950-talet. Foto: Aage Storløkken / NTB scanpix

– Det er ei viss usemje om kvar uttrykket «dei sju slaga» kjem frå. Men dette er det eg har klart å finne, har det aldri vore nokon tradisjon for å bake akkurat sju sortar, fortel folklorist Ann Helene Bolstad Skjelbred, som har skrive boka «Jul i Norge».

– Verken gamle kokebøker, lærebøker i husstell eller vekeblad fortel om «dei sju slaga». Det einaste eg har funne om sju slag i gamle vekeblad, er korleis ein kan lage sju slag av same deigen, fortel ho.

Skjelbred jobba tidlegare i Norsk etnologisk gransking, som har gjort spørjeundersøkingar om tradisjonane til folk rundt julebakst.

– Vi hadde respondentar som hadde vakse opp heilt tilbake på 1920- og 1930-talet, og ingen av dei nemnde sju slag. Eg er fødd under krigen og høyrde uttrykket først då eg flytta til Oslo på 1960-talet, fortel ho.

I «Jul i Norge» viser ho til Norsk ordbok, som skriv at talet sju blir brukt i faste uttrykk når ein snakkar om «i (uendeleg) stort tal, omfang, dryg utstrekning».

– Talet sju kan altså vere ein variant av ordet «ørten», seier ho.

Julekaker året rundt

Ifølgje ein fersk undersøking uført av Sentio for Nationen er det stadig fleire nordmenn som vel å bake kakene sine sjølv til jul. 62 prosent av dei spurte svarer at dei baker eit eller fleire kakeslag til jul i år. I tilsvarande undersøking i 2013 var det 57 prosent som sto for julebaksten sjølv.

Kva typar kaker ein baker til jul, har likevel sannsynlegvis aldri handla om sju faste sortar, men om ein kombinasjon av kva som har vore tradisjon i bygda og i kvar enkelt familie, ifølgje Skjelbred. Lenge handla det også om økonomi og tilgang på råvarer.

– På storgardane og hos borgarskapet kunne det på byrjinga av 1900-talet vere opptil 20 kakesortar til jul. Mens dei mindre velståande kanskje berre hadde éi form for julekake i tillegg til flatbrød og lefser med litt finare mjøl enn til kvardags, fortel ho.

• Les også: Undersøkelse: Ni av ti gleder seg til jul

Mange av småkakene vi et til jul i dag, har lange tradisjonar – men ikkje som julekaker. Peparkaker dukkar for eksempel opp som importvare til Noreg allereie på 1600-talet, men kunne like gjerne bli spist om sommaren.

– Vi veit ikkje heilt når småkakene blei julekaker. I norske kokebøker frå midten av 1800-talet står sortar vi i dag kjenner som julekaker, saman med dei andre småkakene. Hos dei meir velståande var det vanleg å servere småkaker og vin når dei fekk besøk, og småkaker blei også servert ved velkomsten i bryllaup, fortel Skjelbred.

I Hanna Winsnes’ kokebok frå 1845 er det likevel oppskrift på julekake tilsvarande det vi kjenner som julekake eller julebrød i dag, og ulike variantar av julekake og vørterkake har vore vanleg mange stader i landet.

Revolusjon med steikeomn

Kaker steikt i jern, slik som goro, avletter og skrivarbrød, er blant dei som har den lengste historia i Noreg – rett og slett fordi steikeomnen er av nyare dato.

– Dei eldste kakejerna hadde langt skaft og blei stukne rett inn i open varme, fortel Skjelbred.

Annonse

Også smultbakst er mogleg utan komfyr og steikeomn, og kaker som smultringar, hjortetakk og rosettbakkels blei gjerne steikte i smult frå grisen etter at han var slakta til jul.

• Les også: – Det viktigste er bakeglede

Men det som verkeleg fekk fart på julekakebaksten, var steikeomnen. Før steikeomnen kom, var det berre dei som hadde tilgang til bakaromn som kunne bake julekake og småkaker på brett.

– Mange av småkakene vi lagar i dag, er avhengige av at ein har steikeomn. Støypejernsomnen med steikeomn kom gradvis inn i heimane frå rundt midten av 1800-talet. Rundt 1900 var slike omnar i bruk i dei fleste heimar, fortel Skjelbred. Samtidig hadde råvaretilgangen blitt betre. Møllene hadde blitt betre og mjølet dermed finare, i tillegg til at ein importerte meir mjøl frå utlandet. Sukker blei lettare tilgjengeleg, og ein fekk kjøpegjær. Til saman la dette grunnlaget for julekakebaksten slik vi kjenner han i dag.

Sjølv om det blei bakt mykje på dei store gardane på byrjinga av 1900-talet, er det ifølgje Skjelbred perioden etter andre verdskrigen som har vore høgtida for julekakebakst i Noreg.

– Etter krigen tok økonomien seg opp, og juleførebuingane auka i omfang. Ikkje berre i form av kakebakst, men også i form av blant anna pynting og gåver, fortel ho.

Import krydra julebaksten

– På 1700-talet begynte vi å importere meir av alle varene vi i dag assosierer med jul, som ris, sitronar, appelsinar og krydder som kanel, muskat og kardemomme, fortel Ragnhild Hutchison.

Ho leier prosjektet Historiske toll- og skipsanløpslister ved Norsk lokalhistorisk institutt. Prosjektet gjer det mogleg å kartleggje importen og utbreiinga av ulike varer gjennom 1700-talet.

– Dei dyre importvarene var øyremerkte spesielle høve, deriblant jula. Lagar du 1700-talsmat, luktar heile kjøkkenet ditt jul, seier Hutchison.

Ho har brukt toll-listene frå Christiania og ei julekakeoppskrift frå 1843 for å rekne ut kor mange julekaker det var mogleg å bake i utvalde år i perioden 1731 til 1835.

Om vi ser bort frå sukat, som ikkje blei importert i det heile tatt i 1731, ville importvarene i 1731 kunne gi 1700 julekaker. I 1835 var talet auka til 33.000.

– Importtala gir sjølvsagt ikkje noko eksakt svar på kor mange kaker som blei bakte. Men dei fortel noko om vegen inn for julekakene som eit vanleg produkt, fortel ho.

Hutchison har sjølv bakt julekaka i Elisabeth Truchs kokebok frå 1843 fleire gonger.

– Den største skilnaden frå julekakeoppskriftene i dag er gjæren – i 1843 hadde dei ikkje industrigjær, så vi brukte surdeig, fortel ho. Smaken var det likevel ingenting å seie på.

Neste artikkel

Sjømatjubel over frihandelsavtale