Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dårleg år for Nordfjord Kjøtt

Nordfjord Kjøtt i Stryn leverte eit svakt resultat for 2017.

Eitt av produkta frå Nordfjord Kjøtt. Foto: Nordfjord Kjøtt

Slakteriverksemda i Stryn i Sogn og Fjordane leverte eit langt dårlegare resultat i 2017 enn året før. Nedgang var på 61 prosent frå 2016, skriv Fjordingen.

– Driftsresultatet for 2017 vart 35,2 millionar kroner, mot 91,6 millionar året før. Resultat før skatt vart 31,6. Det er ein nedgang på 61 prosent frå 2016. Då oppnådde vi 81 millionar, seier dagleg leiar Geir Egil Roksvåg til avisa.

Nordfjord Kjøtt leverer alt dei produserer til Rema 1000. Daglegvarekjeda hadde eit vanskeleg år i fjor.

Annonse

Det får mykje av skulda for eit svakt resultat for Nordfjord Kjøtt.

– Det positive er at vi sjølv i eit år som 2017 tener pengar, seier Roksvåg.

Nordfjord Kjøtt er den største, private verksemda i Stryn kommune.

Neste artikkel

Hva lønner seg, egentlig?