Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dag Jørund Lønning er Årets bygdeprofil

Han tok tidleg leiinga i stemmegivinga, og heldt teten heilt til mål.

Flest røyster: Dag Jørund Lønning, professor i nyskaping og bygde­utvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling er 
kåra til Årets bygdeprofil 2015. Foto: Mariann Tvete

Professoren, bygdeutviklaren og rektoren ved Høgskolen for landbruk og bygdeutvikling gjekk tidleg opp i tet, og fekk fort mange røyster, både via sms og på nationen.no.

Leiinga held heilt i mål.

Konstituert sjefredaktør i Nationen, Rino Andersen, seier at sigeren var suveren.

– Lønning har hatt ein svært tydeleg stemme gjennom Landbruksbloggen på nationen.no. Den sterke oppslutnaden om han må kanskje sjåast på som støtte til dei meiningane og haldningane han har presentert på Landbruksbloggen.

Oppløpssida

Sjølv om han tidleg gjekk opp i leiinga, kunne ikkje Lønning vere trygg på å vinne.

Opp gjennom åra har vinnaren nokre gonger peika seg tidleg ut, men det har også vore år der ein kandidat har lege tilsynelatande trygt i leiinga, men så har det komme andre kandidatar og gått forbi nesten dei siste timane det har vore mogleg å røyste.

Det skjedde for eksempel i 2010, då Oddgeir Bruaset lenge låg an til å vinne. Slik vart det ikkje, i løpet dei siste timane før avstemminga stengde, mobiliserte tilhengjarane av musikarsystrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, og dei sikra sigeren og var svært nøgde då dei nokre dagar seinare var og fekk prisen overlevert.

Bruaset kom sterkt att to år seinare, og vann då suverent.

Ei anna tett avstemming var i 2013, då Småbrukarlagets Merete Furuberg lenge låg i teten, men tapte på oppløpet for NRK-programleiar Yasmin Syed som det året leia ein programserie om dialektar.

Året etter kom Merete Furuberg sterkt attende, og vart kåra til Årets bygdeprofil 2014.

Sluttspurt

På oppløpssida, dei siste dagane før avstemminga vart stengt, kom dei tre kvinnelege deltakarane sterkt, men ikkje nok til å gå forbi Lønning.

Til slutt vart stillinga Lønning som nummer ein, E: Therese Rudi nummer to. Live Svalastog Skinnes nummer tre og Emilie Enger Mehl nummer fire.

Lista over tidlegare vinnarar viser organisasjonsfolk, mediefolk og artistar, i tillegg til ein gründer, ei langrennsstjerne og ein jeger. No har ho fått tilvekst av ein professor og bygdeutviklar.

Årets bygdeprofilar:

«Lønning har hatt ein svært tydeleg stemme gjennom Landbruksbloggen på nationen.no.»

Rino Andersenn, konstituert sjefredaktør i Nationen
Annonse

• Dag Jørund Lønning, rektor og professor i nyskaping og bygdeutvikling ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. (2015)

• Merete Furuberg, leier i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (2014).

• Yasmin Syed, programleiar NRK (2013).

• Oddgeir Bruaset, programleiar NRK (2012)

• Therese Johaug, langrennsløpar (2011).

• Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, musikarar (2010).

Dansekompaniet Frikar (2009).

• Kathrine Kleveland, leiar i Norges Bygdekvinnelag (2008).

Alt for Rognankompaniet (2007).

 Gründer Mikkel Dobloug (2006).

 Ulvejeger Stine Iversen (2005).

 Spellemann Odd Nordstoga (2004).

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997