Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Byngdeungomslaget, McDonalds og FK leitar etter unge inspirasjonskjelder

Fram til 18. september er det mogleg å nominere kandidatar til Årets unge bonde. – Vi leitar etter inspirasjonskjelder og gode førebilete, seier Torstein Klev i Noregs Bygdeungdomslag.

Onsdag vart kåringa «Årets unge bonde» lansert i Arendal, under eit frukostmøte der alle dei politiske ungdomspartia var til stades.

Kåringa er arrangert av Norges Bygdeungdomslag, Felleskjøpet Agri og McDonalds Norge og har som føremål å prøve å auke rekrutteringa til norsk landbruk. Det seier Gro Tvedt Anderssen, som er direktør for marknad og kommunikasjon i Felleskjøpet Agri.

Frå v.:Bygdepoliitisk nestleiar i Norges Bygdeungdomslag Torstein Klev, administrerande direktør for McDonalds Norge Cody Källen, Gro Tvedt Anderssen, direktør kommunikasjon og samfunnskontakt i Felleskjøpet Agri. Foto: Siri Juell Rasmussen

– Det er for å motivere fleire til å velje grøn utdanning, og fordi Noreg treng fleire dyktige matprodusentar i åra framover. Det er 20 prosent fleire i år enn tidlegare som vel grøn utdanning på fyrsteplass, så vi ser også at det er auka popularitet rundt yrket, og det er eg veldig glad for, seier ho.

Torstein Klev, som er bygdepolitisk nestleiar i Noregs Bygdeungdomslag, seier kåringa er viktig for å skaffe inspirasjonskjelder og finne gode førebilete i landbruket.

Vil auke anerkjenninga

– Det vi leitar etter er matprodusentar under 35 år som er eit førebilete for resten av næringa. Det kan vere nokon som driv garden sin godt og som er med på å sikre norsk kvalitetsmat framover, seier Anderssen.

Administrerande direktør i McDonald’s Noreg, Lauren Cody Källen, seier McDonalds er med på kåringa for å vere med å sikre bærekraft i landbruksnæringa i Noreg.

Les også: Årets unge bonde fra 2010 er litt eldre, men like engasjert

«Det vi leitar etter er matprodusentar under 35 år som er eit førebilete for resten av næringa.»

Annonse

– Vi får alt kjøtt vi produserer frå norske bønder. Det å få unge folk interesserte i å gå inn i yrket, er ein del av det å sikre ei bærekraftig næring, så vi vil gjere alt vi kan for å bidra til å fremje det, seier ho.

– Det handlar om å vere med å auke anerkjenninga av unge folk som gjer ein god jobb i bransjen, men også om å få fleire interesserte i og merksame på at dette er ein levedyktig karriere, seier Källen.

Sjuande år på rad

Det er sjuande året på rad at kåringa av «Årets unge bonde» vert gjennomført. I fjor vart det nominert 349 kandidatar, som var ny rekord, og over 10.000 personar røysta på kven som skulle vinne.

Fristen for å nominere kandidatar til kåringa i år er 18. september, og frå 3. oktober er det mogleg å røyste på kandidatane.

Les også: Nå skal McDonalds kjøpe 132.000 norske øko-egg i året

Juryen vert leidd av landbruksminister Jon Georg Dale (Frp), som har med seg Dag Jørund Lønning, forfattar og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, Anne Jødahl Skuterud, styreleiar i Felleskjøpet Agri, Laureen Cody Källen, administrerande direktør i McDonald’s Norge, og Tora Voll Dombu, som er leiar i Noregs Bygdeungdomslag.

Vinnaren skal kårast under Ung bonde-konferansen til Felleskjøpet 12. november.

Neste artikkel

Prinsessa på alerten er finalist i «Årets unge bonde 2017»