Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Brusprodusent kjempar mot sukkeravgifta

Noregs meste kjende pærebrus kjempar for livet i møte med sukkeravgifta.

Oskar Sylte i Oskar Sylte Mineralvannfabrikk AS protestert mot sukkeravgifta utanfor statsministerens kontor før budsjettkonferansen 29. august.Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

– Me er skoren heilt inn til beinet. Til neste år har me halde på i 90 år, og me hadde ikkje tenkt å gi oss heilt endå, seier dagleg leiar og eigar Oskar Sylte i Oskar Sylte Mineralvannsfabrikk til E24.

Molde-bedrifta har hatt nokre tøffe år etter at Ringnes blei kjøpt ut av selskapet, og tok med seg om lag 80 prosent av inntektene. Bestevenntaktikken til Rema har også slått uheldig ut for brusprodusenten.

Annonse

No er det sukkeravgifta, som blei innført i januar, som plagar Sylte. Prisen på sirup og konsentrat auka med 40 prosent.

– Me har jo eigentleg eit samarbeid med helsestyresmaktene, og så får ein ein kniv i ryggen, seier han til næringslivsavisa.

Sylte seier dei produserer sukkerfrie variantar av all brusen, men at produkta er for små til å kjempe om hylleplass i norske butikkar. No håpar han statsbudsjettet for 2019 som blir lagt fram i oktober, skal reversere sukkeravgifta.

Neste artikkel

Statsråd om sukkeravgiften: – Ingen umiddelbar dramatikk