Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Analytikar: Laksefesten er over

Trass i gode resultat har verdien av dei børsnoterte oppdrettsselskapa falle med nesten 20 milliardar kroner den siste månaden.

Røkelaks skjære i skiver. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sjømatindeksen på Oslo Børs har sokke med om lag ni prosent.

– Laksefesten er definitivt over, seier sjømatanalytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea til Dagens Næringsliv.

– 2017 representerer toppen for innteninga i selskapa. No er vi på toppen, og i aksjemarknaden tenkjer folk kanskje at dette er så godt som det kan bli, og så sel dei seg ut, seier Ødegård.

Les òg: Regjeringen: Mer oppdrettslaks kan gi millioninntekter til kommunene

Eksportprisane på laks er òg på veg nedover og var førre veke for første gong i år under 50 kroner kiloen.

Annonse

Sjømatanalytikar Knut Ivar Bakke i Danske Bank Markets er ikkje einig med Giskeødegård, og trur marknaden kjem til å ta seg opp igjen nærmare jul.

– For vår del trur vi på gode lakseprisar også neste år. Det er berre ein stor produksjonsauke som kan øydeleggje laksemarknaden, og det kan vi ikkje sjå konturane av, seier Bakken til avisa.

Les òg: Vi masseproduserer laks på en måte som rett og slett er flaut for sjømatnasjonen Norge, skriver Susanna Lybæk i Dyrevernalliansen.

Neste artikkel

Frykter økt import etter avgiftshopp