Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Aadland klar med meir Dylan på nynorsk

– Eg var heldig som gjorde det på nynorsk. For da vart det «nett som ei kvinne». Det hadde ikkje vorte det same med «akkurat».

Rockepoeten og artisten Tom Roger Aadland er klar med ein ny Bob Dylan-klassikar på nynorsk, i hans versjon «Blondt i blondt». Foto: Gitte Johannessen / NTB

Tom Roger Aadland sit i den svarte signaturhatten sin og grundar over det å på nytt å skulle gjere Dylan på norsk. At nynorsk ofte har kortare ord, passa bra for ein kar som sterkt hevdar at Dylan er ein syngjande diktar som skal lyttast til, ikkje lesast.

– Det klanglege er ein svært viktig del av det. Høyrer du på dei gamle bootleg-ane, innser du at han prøver seg fram med orda, vrir dei vidare. «Shakes» blir til «aches», smiler han skrått og legg til:

Tom Roger Aadland

Artist, komponist og tekstforfattar f. 1964 i Haugesund

Debutalbumet «Obviously Embraced» (2007) vart spelt inn i Irland, følgt av «Blod på spora» (2009), den første Dylan-gjendiktinga hans. «Det du aldri sa» (2011) var Aadlands eigne låtar på nynorsk, følgt av «Fløyel og stål» (2012) og den unisont kritikarhylla «Rapport frå eit grensehotell» (2015).

Aktuell med «Blondt i blondt», ei ny Dylan-gjendikting, der Aadland har med seg musikarar som Kjetil Steensnæs, Sigbjørn Apeland, Erland Dahlen og Tor Egil Kreken, og som allereie får sterke karakterar.

Gjer i haust solo- og duoturné (med Steensnæs) på mindre scener med søkjelys på tekstane før bandversjonen av «Blondt i blondt» kjem i 2017.

– Ein klarer ikkje heilt å bestemme seg for om det er høgkultur eller gatepoesi.

I hovudet

Det er altså Bob Dylans sjuande studioalbum, «Blonde on Blonde», frå 1966 som Tom Roger Aadland har gyve laus på denne gongen – i den grad gyve laus er treffande for den tilsynelatande stillferdige haugesundaren. Han sat iallfall i sofaen heime med ein gitar og nærmast tenkte fram omsetjingane, tolkingane, av dei femti år gamle Dylan-låtane.

I tråd med tanken om at Dylan er ein syngjande diktar, kjentest ikkje penn og papir som det rette valet.

Les også: – Kunst skapes verken i by eller bygd – men av personer

– Det meste gjekk føre seg i hovudet mitt. Eg song linjene eg skulle omsette, las dei ikkje, sjølv om det å syngje setningar i melodi er surrealistisk. Det er mest lystvekkjande å sitje med ord, leike. Nesten fysisk.

Aadland byrja Dylan-reisa si med «Blod på spora» i 2009, der han vann hjarta til sjølv hardbarka dylanologar med tolkinga si av 1975-skiva «Blood on the Tracks». Han hadde tenkt å vente lenger enn sju år, seier han til NTB.

– Gjendikting er ein sidesyssel. Men eg såg lyset med eit par Dylan-album.

Utan vaskesetel

Med det meiner Tom Roger Aadland at han innser at han vil komme i mål. For det er ikkje gitt. På «Blondt i blondt», som den norske tittelen til slutt vart («det var nesten det aller vanskelegaste, ingen veit kva tittelen betyr, og mange skreiv til meg med sine meiningar»), sleit han med «Sad-Eyed Lady of the Lowlands».

– Den var fjelltoppen som lenge kjentest umogleg. Så vart eg inspirert, det var nesten som å skrive ein låt. Orda berre kom, seier Aadland, som fekk dei til å handle om «Sorgsame kvinne ifrå Jæren» med ein hærskare av vidunderlege, norske ordbilete.

Annonse

Les også: Bygda skal samle inn 790 000 kroner til låve-flygel

– Tekstane hans er ikkje så mystiske. Dylan bruker veldig konkrete bilete, og ein treng ikkje eigentleg forstå dei. Eg trur ikkje Dylan følte behov for nokon vaskesetel, det er meir som film. Det følgde ikkje tekstark med platene hans før på 1970-talet, seier Tom Roger Aadland, som likevel følgde Dylan i éin ting:

– Han bruker mange sitat som han plukkar frå ei felles referanseramme, og eg prøver å gjere det same på norsk. Med levande rammer setter du ting i sving hos lyttarane, i motsetning til om du berre bruker ukjente omgrep, seier Aadland – som erstatta Shakespeare med Holberg, Memphis med Bergen i «Sitje fast i Strileland med sentrumsblues i kveld», mens Dylans pillehatt vart til ... «Leopardskinnsbunadshetta di».

Alltid vidare

Éin ting er orda. Men kva med musikken? Der går Tom Roger Aadland – med eit sterkt musikarlag rundt seg – andre vegar og legg «Blondt i blondt»-låtane i eit mørkare, meir tåkefylt landskap enn originalen.

– Dylan skildrar ei foranderleg verd, da hadde det vore rart om musikken var fryst. Eg og produsent Lars Voldsdal tenkte høgt om kvar låt, kva det var naturleg å flytte, mens andre fekk bli litt den same staden. Dylan gjer stadig om på eigne låtar og går vidare, akkurat som Bach og Shakespeare leverte varene og heldt fram. Det kjennest som ei slags standby-velsigning frå han, eit slags «gjer kva du vil, så lenge du vil ein stad», seier Aadland.

Les også: Håkon (25) stolt av å ta vare på norsk kulturarv

Som naturlegvis fekk offisielt løyve til å lage «Blondt i blondt» også.

– Kvifor gjer du dette eigentleg? Du er sjølv inne på at dette er sideprosjekt, og at du helst vil ut med dine eigne låtar?

– Eg har svart mykje forskjellig hittil, men det siste trur eg fanga det: at det er mest fordi eg vil syngje det. Eg trur Dylan kunne sagt noko liknande sjølv. Det miljøet som ein song er, har du lyst til å oppsøkje – igjen og igjen.

Neste artikkel

Erling Kjekstad: En høysang til bonden