Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Å bu i småby står høgast i kurs

Åtte av ti vil helst bu der det bur fleire andre menneske. Delen folk med draum om småbruk held seg stabil på rundt 16 prosent.

Janne Grete Aspen
Publisert: 04.08.14 00:02 | Oppdatert: 04.08.14 15:29

I ei måling som Sentio har gjort for Nationen seier eit overveldande fleirtal at de vil bu i ein storby, småby eller tettbygd strok – om dei fritt kunne velje.

Ein femdel på landet

Aller flest ville budd i ein småby. 29 prosent av dei spurte har småbyen som draumebustad. Så følgjer tettbygd strok med 25 prosent og storbyen med 24 prosent.

I undersøkinga svarar 16 prosent at dei aller helst ville budd på eit småbruk. 4 prosent svarar at dei vil bu i eit aude område.

Prosentdelen som drøymer om å bu på småbruk har vore stabil gjennom tilsvarande undersøkingar over fleire år.

Det er i ytterpunktane undersøkinga viser størst kjønnsskilnad.

18 prosent av mennene ville helst budd på eit småbruk, tretten prosent av kvinnene svarar det same. Seks prosent av mennene svara at dei helst ville budd i eit aude område, berre tre prosent av kvinnene hadde same ønsket.

28 prosent av kvinnene vil helst bu i storby, mot 21 prosent av mennene.

– Tenkjer praktisk

Lars Østby, forskar i Statistisk sentralbyrå seier at nordmenn, statistisk sett, flyttar over ei kommunegrense tre gonger i livet. Tek ein med skifte av bustad innan ein kommune, går snittet opp i seks flyttingar i løpet av livet.

– I alle år har det også vore slik at dei fleste ville budd roleg på landet, om landet låg nærme arbeidsstaden. Men slik er det altså ikkje i verkelegheita, seier Østby.

Det som skil Noreg frå meir tett folka land som Frankrike og Tyskland, er at folk som bur i tettbygde strok i dei landa, har mange fleire jobbmoglegheiter i nærleiken av der dei bur og ikkje treng flytte på seg.

– I Noreg søkjer folk etter høgare utdanning, og for folk med høgare utdanning blir tilbodet av høvelege arbeidsplassar mindre på mindre stader. Det synest å vere ein samanheng at i land med høgare økonomisk nivå blir det flytta meir enn i land med lågare økonomisk nivå, seier Østby.

Stødig sentralisering

– Sentraliseringa i busetnadsmønstret har rett nok gått i bølgjer men i same retninga i 200 år. Draumen om småbruk er ei form for idyllisering, og ikkje representativ for kvardagen til folk.

Østby trur ikkje folk flyttar etter kva livsstilsimage dei ønskjer.

Dobbelt opp

«Når folk som bur i by skal forklare kvifor dei er så nøgde med å bu der dei bur, trekkjer dei fram nærleiken til marka eller til sjøen.»

– Det ligg nokre tunge rammevilkår rundt det å bu. Om korkje mor eller far i ein nyetablert familie får jobb, hjelper det ikkje kor bra imaget til staden er. Flyttemotivundersøkingar viser at særleg når det gjeld langtvegsflyttingar er arbeid ein veldig viktig årsak til flyttinga.

Østby seier det visast att i suksesshistoriene frå øyar på Nordvestlandet og i Nord-Noreg som har opplevd folketalsauke på grunn av arbeidsinnvandring.

– Desse kommunane tilbyr jobbar som nordmenn som ikkje er fødde på staden ikkje finn attraktive. Folk frå andre stader i verda har ikkje råd til å seie nei til ein jobb innan fiskeoppdrett, som for dei er ein lukrativ jobb samanlikna med andre alternativ.

Naturbinding

Samstundes som folk svarar at dei vil bu i by, bognar magasinhyller, bloggar og fjernsynsprogram av landleg aktivitet, anten det er snakk om dyrking av mat, eller det å innreie i landleg stil.

Ved Statens institutt for forbruksforsking seier forskar Ingun Grimstad Klepp at det urbane har dobbelt status i Noreg.

– Det kjem mellom anna til uttrykk gjennom at når folk som bur i by skal forklare kvifor dei er så nøgde med å bu der dei bur, trekkjer dei fram nærleiken til marka eller til sjøen.

Ho seier dei mest attraktive stadene i byane har bylivet på ei side og landet på den andre.

– Det grensefeltet er idealet, og det er råd å oppnå fleire stader i landet. Småbruk nærme byen er veldig attraktive, det viser prisen, seier Grimstad Klepp.

Hyttestil på hytta

Forholdet til naturen viser att i fritidsbustader og fritidsaktivitetar.

– For interiør i hytter blir det svært, svært tydeleg korleis vi gjer forsøk på å trekkje inn naturen. Det gjeld både gjennom referansar til seterliv og bondesamfunn, gjennom material og stil. Ikkje minst er det tydeleg i måten vi plasserer møblane på. På hytta er møblane plassert framfor glaset med utsikt, ikkje rundt fjernsynet, sjølv om det er fjernsyn på hytta.

Klepp Grimstad meiner elles det er i ferd med å skje noko i byane som har med nærleiken til natur og mat å gjere.

– Byane blir grønare og folk får tilgang til og brukar for eksempel Bondens marknad. Det er ikkje nødvendigvis slik at det som bur på landet heile tida har best tilgang på landlege gode, seier Grimstad Klepp.



Du må ha en Disqus-, Facebook-, Twitter- eller Google-konto for å debattere. Vis omtanke og hensyn. Debatten redigeres i ettertid. HER er oversikten over debattreglene.
comments powered by Disqus
Annonse
Annonse
Annonse