Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

99 prosent av all norsk sild blir eksportert utanlands

I år fangar norske fiskarar over 300.000 tonn norsk vårgytande sild.

Berre ein prosent av den norske silda hamnar på matborda her heime. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Berre ein prosent av dette hamnar på norske matbord. Resten hamnar i utlandet.

Annonse

Polen, Tyskland og Egypt er dei tre landa som tok i mot aller mest norsk sild i 2017.

– Silda er blitt ein viktig del av kosthaldet i Egypt, særleg når prisane på sild har vore låge. Egyptarane saltar og røykjer silda, seier Finn-Arne Egeness, analytikar i Nordea Bank, til NRK.

– Tidlegare generasjonar vaks opp på sild og poteter. Dei blei metta. Så forsvann kvardagskosten då økonomien blei betre, seier sildeambassadør og kjøkensjef Bjarte Finne til statskanalen.

Neste artikkel

Struktureringsminister Sandberg