17.04.2010 09:43

I Dagsrevyen 12. april vart Egil Ulateig omtala som sauebøndene sin «frontkjempar» i striden mot rovdyrpolitikken.

Dette viser at dei tilsette i NRK brukar ord som betyr noko heilt anna enn det dei trur. «Frontkjempar» er namnet på norske landssvikarar som gjekk i tysk teneste og var med på tysk side i krigen mot Russland på austfronten.

På uforklarleg vis ser det ut til at ordet har skifta meining for mange, slik at dei trur det betyr ein som går fullt og heilt inn for ei sak. Men held ein seg til den rette tydinga, så er det rein sjikane å kalle ein vanleg nordmann for frontkjempar.

Bjørn Sæbø

Måndalen

Emneord
Les også