I samband med at Vegvesenet la fram sitt handlingsprogram for rassikring på fylkesvegnettet, peikte samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa på at regjeringa framover vil løyve ein milliard årleg til rassikring på riks- og fylkesvegane. Det er ikkje vanskeleg å vere samd i ei slik prioritering, men kva med løyvingane til rassikring på jernbana?
Då dei raud-grøne tok over, auka dei løyvingane til rassikring på veg i 2006 med 90 mill. Rassikring på jernbana fekk ikkje noko ekstra.
Vegvesenet har fått jamt auka rammer til rassikring, og er i år oppe i 850 mill. Jernbaneverket fekk eit løft fra 2006 til 2007 frå 60 til 140 mill. til tiltak for tryggleik, men sidan har den årlege summen stått stille. Unntaket er 2008, då vart løyvinga sett ned med 33 mill.
Vi spør om dette er godt nok til å oppretthalda, eller helst auka, tryggleiken mot rasulukker på jernbana? Tog har ved fleire høve vore råka av steinras sidan dei raud-grøne tok over. I vinter har både Bergensbana, Nordlandsbana, Raumabana og Vestfoldbana har vore stengde på grunn av snøras og fare for snøras. Regjeringa skriv i statsbudsjettet at klimaendringane dei seinare åra har ført til fleire uhell knytta til ras, og at utviklinga krev auka investeringar i rassikring.
Løyvinga til tryggleik på jernbana skal ikkje berre dekkje rassikring, Den skal mellom anna óg dekkje tekniske tiltak og barriérer mot menneskelege feilhandlingar, sikring og sanering av planovergangar og tunneltryggleik. Dagens sikringsanlegg og automatisk togkontroll har høg alder og er basert på gamal teknologi. Det er difor naudsynt å skifte ut disse anlegga i dei komande åra.
For Jernbane vonar at regjeringa tek sine eigne ord frå statsbudsjettet på alvor og ser til at jernbana får dei midlane dei har lova i Soria Moria-erklæringa.
Kjell Erik Onsrud, leiar av For Jernbane
09.04.2010 08:30
