NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

07.04.2010leserbrev

Skandaløs rovdyrpolitikk

No startar det opp att. Galventispa gjorde store skader i Stange, Løten, Nord-Odal, Grue og Åsnes. Ho vart lyst fredlaus og jakta på av folk frå Statens Naturoppsyn (SNO). Men utan resultat. Skadeulempane vart større ettersom sommaren gjekk. Fleire gonger vart søknader om felling avslege på grunn av for få dyr drepne!

Eit saualslag anmeldte Direktoratet for naturforvaltning (DN) og SNO. til politiet for den skaden dei vart utsette for med Galventispa. Saka vart henlagt!

Ingen veit sikkert kor mange dyr i tillegg til sauene som er skamfert og drepne av dette aggressive mordardyret. I alt er 721 sauer drepne og søkt om erstatning. 450 er erstatta med ca 890.000 kroner. No er udyret flytta Varaldskogen.

Så har me Osdalsulvane frå Åmot, som ligg innanfor ulvesona, som innvandra Rendalen. Dette er eit tydeleg bevis på at DN ikkje bryr seg om Rendalsdomen i Høgsterett av 8. september 2006 som var samrøystes! No har det vore ulv i Rendalen i tre år som fast ulvestamme, dette er ei stor skandale når Høgsteretten slo fast at det var beitedyra som skulle ha førsteretten i Rendalen!

Skadeomfanget er stort. Reinen blir utsett for harde påkjenningar vinterstid når ulv kjem innpå og jagar. Mange simler kastar (aborterar) kalven. Og om våren fylgjer jerven etter simlene under kalvinga og drep dei nyfødde kalvane.

Per Ola Granrud, oppsynsmann for reinen, fortel at ein av flokkane som vanleg har 80 - 100 kalvar i året hadde bare 20 kalvar hausten 2009. Dette er under rekrutteringsgrunnlaget. Og det blir slutt på reinjakta dersom dette skal fortsetja, seier han.

Rundt omkring i landet er det mange slike skandaler som DN og myndigheitene må ta innover seg. Det blir aldri evaluert på ein slik måte at dei skadelidande får stå fram på ein samla høyring for det offentlege rom.

Ola Tronsmoen, Alvdal



Publisert onsdag 07.04.2010 kl. 09:07 (Sist endret onsdag 07.04.2010 kl. 09:47)
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
• Se flere programmer, med omtale »
Siste innenriks
Siste utenriks
Siste sport
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative