Norsk landbruk har greidd å auke sjølvforsyningsgraden dei site åra. Delar av denne veksten kjem frå auka import av kornråvarer til kraftfôr for ljose kjøtslag. «Nå roper Bondelaget varsko», skriv Nationen den 4. mars.
Velkomen etter, må vi vel berre seie. Da leiar i Småbrukarlaget, Ole Anton Teigen for ikkje lang tid attende, stilte spørsmålsteikn ved denne utviklinga, og meinte vi må basere landbruket på våre naturgjevne ressursar, svara bondelagsleiaren at vi må produsere det forbrukaren vil ha. Dei siste åra, har diverre mange av forbrukarane, påverka mellom anna av «kosthaldsekspertar», gått på trua på at ljose kjøtslag skal vera betre enn mørke, og i tillegg har desse vore billegare. Diverre er det nok ikkje tanken på norsk landbruk, eller naturbruk og dyrevelferd, som har styrt tanken til fleirtalet av forbrukarane ved kjøtdisken på super'n.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag, har i mange år sett og freista å gjera noko med denne utviklinga, ikkje minst gjennom Ole Jacob Christensen sitt store engasjement for betre å utnytte gras- og utmarksresursane våre. Det er gledeleg at Bondelaget no ser det same, og kan vera med å kjempe for betre vilkår på dette området.
Eg vil ikkje såre dei som driv med svin eller kjukling, men det også kan sikkert gjeras på ein meir berekraftig måte. Men etter at vi fora opp våre eigne daggamle kjuklingar, og slakta dei etter fire månadar, der dei hadde levd eit naturleg liv, kjem det ikkje «vanleg»kjukling på bordet her meir. Det naturlege kjøtet hadde ein heilt annan smak og konsistens.
Fride Gunn Rudi
Ringebu
11.03.2010 09:22
