11.03.2010 09:22
Kva er det som avgjer om ein skule skal lukkast i å utdanne framtidas ungdom? Kvalitet, fagkunnskap og vilje til å utvikle skulen i pakt med samfunnsutviklinga, er avgjerande element. Eit godt skulemiljø er det elevane og lærarane som skaper saman. Dette har Ørskog vidaregåande skule lukkast med.

Møre og Romsdal Bygdekvinnelag er uroa over den dragkamp og utvikling som er skapt rundt Ørskog vidaregåande skule. Møre og Romsdal har over tid utvikla eit desentralisert skulemønster. For Ørskog sin del, så har søknadsmassen vore tilfredstillande. Matfag som er Ørskog sin spesialitet, har gjennom lang tid vore langt framme i kunnskap og tilrettelegging for samfunn og arbeidsliv. Dette er ein skule som i dag står fram som eit flott døme på ei undervisning med stor innsikt og fagkunnskap, og har hausta heider for dette, både i inn og utland.

Møre og Romsdal Bygdekvinnelag meinar at ein må ta vare på og vidareutvikle det mangfaldet innan matbedrifter som er i fylket. Det gjer ein best gjennom at godt opparbeidd kompetanse og kunnskap i studietilboda vert vidareført. Vi meinar også at skulen har ei unik plassering i fylket, med kort avstand til bedrifter i alle retningar og til stor søknadsmasse. Det er gode bustilbod til og frå Ørskog, som lett kan tilpassast skuletida. Gode kommunikasjonar gjer at det er greitt å samarbeide med bedrifter i Ålesund-området. Matfestivalen har også i mange år hatt godt samarbeid med Ørskog vgs. Framtidas skule må også ha mulegheit for utbygging og utvikling. Ørskog vgs. har slike mulegheiter med stort tomteareal rundt skulen.

Møre og Romsdal Bygdekvinnelag ser verdien av at bygdene er livskraftige. Då kan dei tilby ungdom utdanning og utvikling i eit trivselsmiljø. Vi ser verdien av å medverke til forståing mellom bygd og by. Dragkampen om ein skule som ligg i distriktet er ein verdikamp. Det er gjennom livskraftige bygder at byen kan blomstre.

Solveig Linge Stakkestad

Møre og Romsdal Bygdekvinnelag

Emneord
Les også