Dette problemet er blitt ytterlegare aktualisert nå når «kampen» om nok mengder energi og ein akseptabel straumpris har tilspissa seg. Luksushyttene er ikkje bare ei privatøkonomisk sak for hytteeigarane. Dei belastar samfunnsøkonomien og folk flest sitt ve og vel. Me er alle med på å betale ein pris for at stadig fleire snobbute statusjegarar kan boltre seg i hytter med varmekablar i innkøyringa, boblebad og eit kontinuerleg urimeleg høgt straumforbruk, både når hytta står tom og når ho er i bruk.
Dette er umoralsk både i eit samfunnsperspektiv og ikkje minst i eit miljøperspektiv. Det er på tide at både statssekretær Robin Koss i Olje- og energidepartementet og Turid Røste i interesseorganisasjonen Hytteliv tar mot til seg ved å rette ein moralsk peikefinger mot denne vanvittige luksusbelastninga på bekostning av samfunnet sine fellesgoder, noko dei ikkje våga å gjere i Dagsnytt på NRK P1 nyleg. Det er styresmaktenes og interesseorganisasjonanes simple plikt å appelere til moralen når enkeltmenneske sine disposisjonar går over stokk og stein, og med det kan føre til ei systemkrise.
Ein måte å få desse forholda inn på eit rett og rettferdig spor er å gå tilbake til toprissystemet på straum. Det vil seie høg pris på hyttestraum og anna luksusforbruk, og ein meir moderat pris på nødvendig og nøkternt forbruk, og til eit miljøbevisst og verdiskapande næringsliv.
I tillegg: Hyttene, til dels langt unna der eigarane bur, fører med seg mykje forureinande bilkøyring til og frå hyttene. Det er køane av bilar frå storbyane på veg til og frå utfarts- og feriestader som står for ein stor del av eksosutsleppa utetter i distrikt og bygder. Kanskje meir enn dei fastbuande står for. Bare det i seg sjølv er eit tankekors, og gjer at me må tenkje nytt når det gjeld avstandar frå hus til hytte, og ikkje minst når det gjeld omfanget av luksus knytt til hytta.
Jon Ingebretsen, naturrettleiar
Publisert fredag 05.03.2010 kl. 15:23 (Sist endret fredag 05.03.2010 kl. 15:40)
Siste innenriks

