11.02.2010 09:16
Dersom påstanden er rett i rapporten frå Norges Naturvernforbund (NNV) om fastsetjing av fellingskvotene på gaupe, bør konsekvensen bli at den politisk styrde kvotefastsetjinga av politisk valde rovviltnemnder blir vurdert på nytt.

Rapporten viser nemleg at i fire av fem rovviltregionar er fellingskvota større enn det som er fagleg forsvarleg, etter NNV sine berekningar. Rett nok baserar rovviltnemndene seg så langt som råd på faglege fakta. Men til sjuande og sist vil det langt på veg vera det politiske synet og ståstaden som har ein avgjerande innverknad på rovviltnemdenes vurdering av kvotestorleiken.

Dette har ikkje noko med at eg er i mot ei fagleg forsvarleg forvaltning av gaupa gjennom avskyting. Men me må bort frå ei jo-jo-forvaltning styrd av kjensler og synsing.

Denne gongen har ikkje rovviltnemnda i rovviltregion 2 (Buskerud, Vestfold, Telemark og Aust-Agder) gjort seg bryet med å halde eit informasjonsmøte i Fylkesmannen i Telemark sitt kontaktforum for rovviltforvaltninga.

NNV har bedt Riksrevisjonen om gransking i saka om rovviltnemndenes kvotefastsetjing, men uansett utfall:

Rovviltforvaltning er fag og kunnskap og ikkje politikk.

Jon Ingebretsen

Naturrettleiar

Emneord
Les også