Nye innlegg | ||
| Publisert 09.02.2010 kl 09:50 Oppdatert 09.02.2010 kl 10:07 |
Arbeidet med den nye stortingsmeldinga om landbruk er i gong, og det er spanande tider for norsk landbruksnæring. Kva meiner Landbruks- og matdepartementet (LMD), kva meiner bøndene, og kva kan vi vente oss dei neste tiåra?
Frå LMD høyrer ein snakk om auka norsk matproduksjon. Vi vert fleire både i Noreg og i resten av verda, og helst skal alle kunne ete seg mette. Vidare tek ein til orde for auka bruk av beiteressursane i utmarka. Det kling som musikk i øyra til eit styremedlem i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Når departementet i tillegg vil syte for å halde liv i bygdene og distriktslandbruket, då kjenner vi humøret stige. Auka matproduksjon på norske ressursar, over heile landet. Strålande!
Samstundes har ein høyrt fleire representantar frå LMD seie at dei vil bremse den pågåande bruksnedlegginga og i beste fall få henne til å flate ut. Det høyrest ikkje særleg imponerande ut. Bruksnedlegginga har etter vår meining allereie passert smertegrensa og må ikkje berre bremsast, ho må snu.
Kvifor er det eigentleg så utenkjeleg å få fleire drivne gardsbruk her i landet? At eit gardsbruk må legge ned, det er liksom sånt som skjer. Men at nokon skulle starte ny gardsdrift, og i tillegg ha ambisjonar om lønsam drift, det høyrest ut som ei røvarhistorie.
Ein kan få inntrykk av at det er heilt vilkårleg kva veg utviklinga tek, og at det berre er å håpe på det beste. I så fall gløymer ein at norsk landbruk, trass alt, er underlagt ein heil del regulering. Her skjer ingenting av seg sjølv; utviklinga er resultat av politikken som vert ført. Her er det ikkje snakk om å håpe eller tru at bruksnedlegginga skal snu, ein må tørre å gjere dei politiske grepa som skal til for å snu henne.
Skal vi auke norsk matproduksjon i heile landet, så er det etter vår meining sjølvsagt at vi skal ha fleire drivne bruk og fleire hender inn i landbruket. Alternativet er auka press på bøndene, ei yrkesgruppe som alt er hardt pressa både med omsyn til økonomi og arbeidskapasitet.
Bruksstruktur er berre eit av mange punkt som må inn i den nye stortingsmeldinga, og mange skal meine mykje før meldinga vert ferdig. Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner det er på tide med langsiktige og berekraftige løysingar. Då held det ikkje berre å foreslå velklingande målsetjingar, ein må også vedta konkrete tiltak og forpliktande formuleringar om korleis ein skal nå måla.
Mari Søbstad Amundsen
Rakel S. Nystabakk
Sentralstyremedlemmar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Få nationen.no som startside på mobilen! Send NATM til 2005.
| i dag | i morgen | |||
| Oslo | 6.8° | 6.1° | ||
| Bergen | 5.1° | 5.1° | ||
| Trondheim | 4.9° | 4.2° | ||
| Stavanger | 3.5° | 3.8° | ||
| Lom | 3.7° | 4.9° | ||
| Oppdal | 2.9° | 3.7° | ||
| Røros | 3.0° | 3.3° | ||
| Jølster | 3.6° | 4.1° | ||
| Karmøy | 4.1° | 4.5° | ||
| Bryne | 4.2° | 4.4° | ||
| Gvarv | 7.6° | 8.5° | ||
| Stokke | 3.9° | 5.0° | ||
| Rakkestad | 4.1° | 3.4° | ||
| Fagernes | 4.0° | 4.7° | ||
| Stange | 4.4° | 5.9° | ||
| Snåsa | 4.0° | 2.5° | ||
| Beiarn | -0.7° | -2.1° | ||
| Bardu | -4.2° | -4.7° | ||
| Alta | -5.5° | -5.1° | ||
Siste kommentarer