08.02.2010 10:05
Nortura og kanskje samvirket generelt, slit. Eg er ingen økonom og langt ifrå nokon ekspert på korleis ting skal drivas, men eg har meiningar og praktisk røynsle med korleis Nortura har drive dei siste tiåra. Det er ei god stund sia eg syntest dei var på rett kurs.

Den største årsaka til at det sådde seg ein stor tvil i mi oppriktige samvirkesjel, var for fleire år attende, da slakterisamvirket byrja å gjera forskjell på liten og stor. Den praksisen har berre forsterka seg, ettersom eg forstår. Det siste naudropet for å byggje opp kapitalen i konsernet, lyder på at alle skal betale inn 12.000 kroner. Og da er det ikkje forskjell på liten og stor. Ja, da er vi alle gode nok til å vera «like». Takk og farvel, dette var begeret som fekk alt til å renne over.

Sentraliseringa av anlegg, og med det den etter kvart svært lange siste reis for mange av våre husdyr, er og noko av utviklinga som har tæra på lagånda i mange år. Og der er det uakseptabelt mykje verre i Nord-Norge og Vest-Norge enn her på Austlandet. Men i kapitalismen og marknadsliberalismen si tid blir dyrevelferda sett til side, så det kan ikkje Nortura åleine bera all skuld for.

Den tredje gode grunnen, til at slike smårusk som eg forlet skuta, er at det gjennom lang tid har utvikla seg ein praksis med at leiarane i selskapet skal ha så store lønningar, og med fallskjermar attpåtil. Om ein hadde teke av berre nokre millionar der, kunne det gitt godt utslag på kjøtprisen til den einskilde leverandør.

Eg har hatt mykje god hjelp av mange flinke og trivelege folk frå Nortura og Hed-Opp i dei åra eg har vore i samvirket, og dei fortener ein stor takk. Men siste leveransa vår til Nortura, gav ei røynsle med at når ting blir så stort og effektivt som det visstnok skal vera, blir det vanskeleg å finne ut av feil på vegen frå fjøset til betalinga for slaktet.

Det er ei trist utvikling vi er vitne til, men det trengst mange små for å bera dei store. Vi får håpe at dei store greier børa åleine no.



Fride Gunn Rudi, Ringebu.

Emneord
Les også