NATIONEN: Schweigaards gate 34, Boks 9390 Grønland, 0135 Oslo, Tlf.: 21 31 00 00, Fax: 21 31 00 90, e-post: info@nationen.no

04.02.2010leserbrev

Gaupebåsen fører ofte til dyrplageri

Gaupebås er godkjent som lovleg fangstinnretning i samband med kvotejakt på gaupe, etter nærare reglar for bruk, mellom anna når det gjeld konstruksjon og jamleg ettersyn. Båsen kan også brukast til fangst av mellom anna raudrev, der jakttida er mykje lenger enn på gaupe. Dette kan fort føre til svært uheldige konsekvensar for den kvoteregulera beskatninga av gaupe.

Spørsmålet er om bruk av gaupebås er ein inhuman fangstmåte i forhold til dei krav ein i dag stiller.

Mange erfarne og dyktige gaupejegerar og andre fagfolk meiner at gaupebåsen bør avskaffast, fordi bruken i praksis ofte fører med seg direkte dyrplageri og er etisk forkasteleg sett i lys av korleis human jakt og fangst skal utøvast.

Sjølv om ettersynet blir utført i tråd med krava, det vil. seie to gonger i døgnet, vil eventuelle fanga gauper naturleg nok oftast bli desperate med ein gong, og i kampen for å kome fri slite ned dei livsviktige retraktile klørne og kanskje øydelegge tenner.

Det positive og faglege argumentet at fangstmetoden gjev moglegheit for selektiv beskatning, ved at dyr som ikkje skal fellast kan sleppast fri, fungerar ikkje i praksis, og ville i så fall dessutan som oftast vera etisk forkasteleg: Å sjå forskjell på ho- og hanngauper er svært vanskeleg. Å sleppe gauper med øydelagde klør og tenner ut i naturen att er dessutan heilt uakseptabelt.

I tillegg viser all erfaring i praksis at mange gaupebåsar, serleg dei med låg fangstfrekvens, ikkje blir kontrollera i tråd med reglane, og at mange båsar blir ståande opne utanom jakttidene til dei dyreartar dei er lovlege å bruke,i strid med krava.

Ein kan sjølvsagt argumentere for gaupebåsar ved å argumentere mot tradisjonell jakt på gaupe, ved å hevde at det også kan førekome skadeskyting. Dette er eit dårleg argument sett i lys av kva all erfaring viser, og fordi bruk av gaupebås appellerar til ei mindre aktiv og handlingsretta jaktutøving, der praksis viser at freistnaden til ikkje å oppfylle krava til ei kvar tid er for stor.

Konklusjon: Direktoratet for naturforvaltning (DN) bør vurdere å avskaffe bruk av gaupebås som fangstmetode, gjerne etter samråd med Fylkesmannen si miljøvernavdeling og dei regionale rovviltnemndene.



Jon Ingebretsen, naturrettleiar



Publisert torsdag 04.02.2010 kl. 15:26

Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
Endre kanal
• Se flere programmer, med omtale »
Siste innenriks
Siste utenriks
Siste sport
Adresse:

Schweigaardsgate 34A
Boks 9390 Grønland
0135 Oslo

Telefon:

21 31 00 00

Fax:

21 31 00 90

FOR TIPS
Telefon:

21 31 00 13 / 21 31 00 34

Tips Nationen
Tips webredaksjonen

Sjefredaktør:

Mari Velsand

Nyhetsredaktør:

Rino Andersen

Nettsjef:

Sissel Ambjør

Salgssjef internett:

Hans Jørgen Zambrano

Telefon:

21 31 00 73 / 911 98 998

Redaktøransvar
Google Analytics Alternative