Denne ulven har vore verna på ein spesiell måte. Det synte seg raskt at ulvesona var berre eit papirvedtak, som skal verna ein påstand for å verna ulven uansett i eller utanfor sona.
I Stange vart Galventispa gjett av SNO folk og rovdyrvernarar. I slutten av juni gjekk batteriet i radiomerket ut, og da vart det set ut rykter om at ulven var ulovleg felt. Ca 3 veker etterpå dukka Galventispa opp att med full virkning på radiomerket. Sannsynleg at merket var erstatta med nytt batteri. SNO og DN har her eit spesielt ansvar når dei ikkje tok vare på dyret og plasserte det der det skulle vera i ulvesona.
No har me på nytt ein slik situasjon. DN seier at det no snart er tre veker sidan dei har hatt kontakt med Galventispa. Dei trur at batteriet er utgått. Ettersøket har starta i Løten, og ein meiner at ulven har flytta nordover. Men alle moglegheiter synes å vera til vurdering. Død ved ulovleg skyting eller at tispa har funne ein hanulv, og søkt å finna eige revir.
Slik er det med frittspringande rovdyr. «Ingen veit kor haren hoppar», sa mannen og satte snara på taket.
Kostnadane med dette er no kome opp i mange millionar. Kvifor blir ikkje slike prinsesser teke hand om i innhegn, og stelt med på beste måte?
Historia om russarulven Ivan frå i vinter er eit døme på kva ein ulv kan råka ut for der ute i det fri. Korleis kan eit slikt dyr gjeva positive innslag i avlen med dei fara og ulukker som dei kan råka ut for? Det kviler eit stort ansvar på DN og SNO i desse sakane. Men er dei sitt ansvar bevist?
Kjell Ivar Nergård, Harald Enge, Eli Gjøran Trøan, Inger-Lise Fiskvik, Trond Randmæl, Ola Tronsmoen.
01.12.2009 08:52
