16.11.2009 09:18
Dagens rovdyrpolitikk har vore under sterk kritikk, og fasiten er at den er feil og har skapt mange vonde opplevingar for dei som driv med husdyr og tamrein. Sjølv om det blir utbetalt erstatningar, så når ikkje dette til og dekka for alt av bry og otte. Dei som strir for å få fleire rovdyr prøver å bera fram ei lære om kor viktig desse dyra er for mangfoldet og at rovdyra berre tek unna dei svake individa.

Denne læra fell heilt ut når ein veit at ulv legg ned fullvaksne elgokser, og eit ulverevir tek ein elg om dagen. Ja, det finst dei som prøver å fortelja at reinsdyra har utvikla seg til å bli større og friskare på grunn av rovdyra.

Så lenge rovdyra får herje fritt blir slike påstander fullstendig til stor skade for tilliten til vitenskapsfolk med høg utdanning som forfektar vernet av rovdyra. At reinsdyra har utvikla seg positivt har med den gode rovdyrfrie tidsbolken og takka. Det er hanndyret, bukken, som løftar dei positive genene i dyrearten. Kampen som blir utført mellom to sterke bukkar gjer at den sterkase vinn og blir dermed opphavet til neste generasjon som da har 50% av genane frå faren. Dermed blir nok nye bukkar som har ei sterk mor grunnlag for ein ny generasjon.

Korleis kan ein endra dagens politikk til det betre? Rio konvensjonen - kommisjonen om biologisk mangfold har ei liste på 15 artiklar (kortversjon) der artikkel 9 Ex situ bevaring omhandlar desse punkta som eg vil ha framheva her. «Hver kontraherende part skal, så langt det er mulig og hensiktsmessig, og hovedsakelig for å supplere in situ tiltak:

a) Vedta tiltak for ex situ bevaring av komponenter av biologisk mangfold, fortrinnsvis i opprinnelseslandet for slike komponenter.

b) Etablere og vedlikeholde anlegg for ex situ bevaring av og forskning om planter, dyr og mikroorganismer, fortrinnsvis i genresursens opprinnelsesland.

c) Vedta tiltak for gjenoppbygging og rehabilitering av truede arter og for gjeninnføring dem i deres naturlige habitat på hensiktsmessig måte;

d) Regulere og administrere innsamling av biologiske resurser fra naturlig habitat med henblikk på ex situ bevaring på en måte som ikke truer økosystemer og in situ bestander av arten, bortsett fra når spesielle midlertidige ex situ tiltak er nødvendige i henhold til bokstav c ovenfor;og:

e) Samarbeide for å skaffe til veie finansiell støtte og annen støtte til ex situ bevaringstiltak beskrevet under bokstaven a til d, og for å opprette og vedlikeholde ex situ bevaringsanlegg.»

Det er mange punkter i artiklane i denne konvensjonen som det er viktig å ha i tankene når det gjeld mangfaldet. Rovdyr i faunaen er ein slikkomponent som er skadeleg for mange av dei andre artane i den norske faunaen. Derfor må det vera mest riktig å taka vare på rovdyra - dei fire store - i innhegn. (ex situ) Langedrag og Vassfaret dyreparkar syner veg her.

Det norske rovdyrforliket har delt landet opp i 8 regioner, og bestemt bestandsmål for rovdyrbestanden. Ved å bygge eit innhegn i kvar region i året til me har fått eit varig vern av rovdyr så har me og fått eit godt vern av dei andre dyra i faunaen.

Dette er ei utfordring for oss alle, men aller mest for organisasjoner i landbruket og jakt interesseorganisasjoner.

Ola Tronsmoen

Emneord
Les også